Forsiden UiO Det odontologiske fakultet
print logo

Vi forsker på: Biomaterialer, vevsdyrkning og regenerasjon

Forskingsmiljøet har hatt eit stort internasjonalt nettverk med samarbeidspartnarar både innan universitetet og industrien. Miljøet har også delteke i fleire EU-støtta prosjekt og vart også tildelt Birkelands Innovasjonspris for 2008.

Biomaterialforsking ved Det odontologiske fakultet har hatt stor aktivitet i mange år og går vesentleg føre seg ved Klinisk forskingslaboratorium, og dyreforsøka blir utførde på Folkehelsa eller Norges Veterinærhøgskole si avdeling for smådyr. Det internasjonale nettverket i forskingsmiljøet har ført til store samarbeidsprosjekt med implantatprodusentar og leiande forskingsgrupper ved universitetsmiljø i Sverige, Tyskland, Frankrike, Spania og USA.

Biomateriale

Biomateriale kan definerast som kunstige materiale som skal erstatte ein kroppsdel eller ein kroppsfunksjon og som skal kunne fungere saman med det levende vevet utan å gje negative reaksjonar. Tannlegar bruker i stor grad ulike typar biomateriale i behandlinga av pasientar. Tannfyllingsmateriale og protesemateriale er dei biomateriala som i klart størst utstrekning har vore brukte og som tannlegane framleis bruker. Dette er ei gruppe materiale som spenner vidt frå metall som gull og gull-legeringar, cobolt-krom og titan til ulike typar komposittmateriale, keram- og akrylmateriale.

Vevsregenerasjon

Biomaterialeforskinga ved Det odontologiske fakultet har dei seinare åra fokusert på å løyse problemstillingar knytte til tannimplantat med mål om at implantata skal få forbetra kvalitet slik at tannlegane skal kunne tilby betre og meir føreseieleg behandling av pasientane. Ei felles nemning for dei fleste prosjekta er vevsregenerasjon. I mange av prosjekta arbeider ein med tilheilinga av bein omkring implantata slik at beinet veks raskt og bind seg til implantatoverflata

Prosjektar innen biomateriale og vevsregenerasjon



 

Publisert 8. okt. 2010 08:55 - Sist endret 26. feb. 2013 13:30