Forsiden UiO Det odontologiske fakultet
print logo

Vi forsker på: Helsefremjande og førebyggjande verksemd

Forsking på helsefremjande og førebyggjande verksemd er tverrfagleg. Eit viktig forskingsaspekt er sosial ulikskap og forsking på årsaker til slike skilnader.

Karies er framleis den dominerande sjukdomen i munnhola i Noreg, sjølv om den førebyggjande verksemda har medverka til ei monaleg betring i tannhelsa i befolkninga. Alvorsgraden er redusert, men sjukdomen rammar framleis svært mange. Grupper av innvandrarar, rusmisbrukarar, personar med sjukdom og tannbehandlingsfrykt, attåt andre med låg sosioøkonomisk status har framleis store tannhelseproblem. Ei slik endring i sjukdomsfordeling krev nye strategiar for førebygging og behandling, og både individuelle faktorar og samfunnsforhold påverkar utbreiinga av sjukdom.

Eit viktig forskingsaspekt er sosial ulikskap og forsking på årsaker til slike skilnader i tannhelse. Utforming av optimale førebyggjande tiltak og behandling av individ med mykje tannsjukdom vil kunne gje stor samfunnsøkonomisk og individuell vinst. 

Førebygging og behandling av orale sjukdomar

Dette forskingsområdet tek sikte på å utvikle kunnskap om forsvarlege og effektive metodar for å gjennomføre førebygging og behandling av orale sjukdomar, både nasjonalt og internasjonalt. Forskingsområdet er tverrfagleg og ein målsetnad er å frambringe kunnskap som kan medverke til å skildre, forklare og påverke faktorar som er relevante for tannhelsa. Stikkord for sentrale satsingar innan dette feltet er epidemiologi, helsetenesteforsking, åtferdsforsking, utvikling av førebyggingsmetodar, tannbehandlingsvegring og risikogruppa.

Prosjektar innen Helsefremjande og førebyggjande verksemd

Publisert 29. sep. 2010 16:19 - Sist endret 26. feb. 2013 13:30