Vi forsker på: Kraniofacial biologi, diagnostikk og behandling
Forskingsområdet omfattar studiet av utviklinga av kraniet og andletet, medrekna blant anna tenner, kjevar, gane, tunge, musklar og spyttekjertlar.
For å kunne oppdage avvik frå det normale er det viktig å kjenne den normale utviklinga, og her er kunnskap om den normale morfologien(strukturen) og den underliggjande molekylære og genetiske status på ulike utviklingssteg grunnleggjande viktig. Tanna er forskingsmessig ein god modell for å studere organutvikling og resultat herifrå har overføringsverdi til anna organutvikling. Det same kan seiast om utviklinga av spyttekjertlar, som også er eit forskingstema ved fakultetet.
Saliva (spytt) sekresjon
God saliva(spytt)-sekresjon er viktig for oral helse og velvære. Saliva medverkar til å fukte munnslimhinne og tenner slik at funksjonar som eting, svelging og tale fungerer normalt. Vidare blir maten fortynna slik at smaksstoff kan påverke smakslaukane på tunga, enzym kan tilsetjast maten og fordøyinga kan starte alt i munnhola. Tannemaljen blir verna av innhaldet av salt og bufferar i saliva som kan motverke syreangrep. Under normale forhold tenkjer ein knapt over at saliva er til stades. Annleis er det når salivaproduksjon er redusert, anten ved medikamentell behandling eller grunna ulike sjukdomar eller behandlingsregime.
Genetiske analysar
Ei rekkje syndrom som skriv seg frå genfeil omfattar også forstyrra tannutvikling. I Noreg har vi eit sentralt kompetansesenter for desse pasientane, nemleg TAKO-senteret. Tenner frå pasientar med forstyrra tannutvikling er for tida tilgjengelege for nærare undersøkingar, dvs. morfologien til tanna og strukturen i tannveva.
Multidisiplinær forskning
Forskinga skal skaffe kunnskap om kva faktorar som er viktige for å få utvikla ei normal og funksjonsdyktig tann og kva som kan gjerast for å halde henne funksjonsdyktig heile livet.
Prosjektar innen kraniofacial biologi, diagnostikk og behandling
- Aquaporiner
- Aquaporiners rolle i cellefysiologiske prosesser og embryonal utvikling
- Cellefysiologiske forandringer i spyttkjertelepitel hos Sjøgrens-pasienter
- Expression and function of prion protein during murine tooth development
- Micro-RNA in oral tissues
- MicroRNA and cellular differentiation
- Oral cancer
- Oral epithelial cells and immune responses towards oral bacteria
- Studies on global gene expression in Msx2 knock-out mice
- Sårtilheling i munnhulen
- Time-course of gene expression during murine tooth development
- Treating blindness by stem cells