Klinikk for spesialbehandling

Klinikken gjev behandling til born og vaksne, på spesialistnivå innan fagområda.

Kven er pasientane våre?

Klinikken gjev behandling til born og vaksne, på spesialistnivå innan fagområda:

  • Kjeve- og ansiktsradiologi
  • Kjeveortopedi (tannregulering)
  • Kjeveortopedi og ortognatisk kirurgi
  • Oral kirurgi og oral medisin
  • Implantatbehandling
  • Protetikk
  • Periodonti

Interdisiplinær spesialistbehandling kan koordinerast mellom alle odontologiske fagområde.

Behandlinga blir i hovudsak utført av tannlegar under spesialistutdanning og av spesialistar. Det går også føre seg studentundervisning, og studentar utfører eigna undersøking og behandling under rettleiing av lærar.

Klinikken har samarbeidsavtale med Tannhelsetenestane i Oslo og Akershus om all kirurgisk behandling for born frå 0-18 år. I avtalen ligg også inne behandling av avansert periodonti og protetikk og eventuell enklare kjeveortopedisk behandling.

Kven kan tilvise til oss?

For undersøking og behandling som krev spesialistkompetanse, kan helsepersonell tilvise til Klinikk for spesialbehandling eller til dei følgjande fagavdelingane:

  • Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi
  • Avdeling for kjeveortopedi
  • Avdeling for oral kirurgi og oral medisin
  • Avdeling for protetikk.
  • Avdeling for periodonti

Det må føreliggje ei tilvising før timeavtale kan gjevast til pasient.

Behandlingskapasitet kan variere avhengig av nivåa i spesialistutdanningsprogramma.

Publisert 29. sep. 2010 16:25 - Sist endret 22. mars 2017 08:48