Fekk pris for framifrå forsking

Tor Paaske Utheim, professor II ved Institutt for oral biologi, vart tildelt pris frå Oslo Universitetssjukehus for framifrå forsking fredag 5. mai.

Bilde av de tre forskerne som mottok pris for fremragende forskning, oppstilt smilende med diplomer og blomster i hendene.

Tor Paaske Utheim (f.h.) vart heidra med prisen «Early Career award» for framifrå forsking. Det vart også Johannes Espolin Roksund Hov (venstre), medan Kisten Sandvig fekk prisen «Excellent Researcher Award». Foto: Bjørge Einrem, Oslo Universitetssykehus.

Utheim fekk prisen «Early Career Award» for forskinga har gjort fram til nå i si karriere, og er på 150 000 norske kroner som skal nyttast til vidare forsking. Prisen vart overrekt i stabsmøte ved Rikshospitalet, der Utheim også fekk høve til å presentere forskinga si for deltakarane.

Forskar på stamcellar

I grunngivinga for prisen går det fram kvifor Utheim blei utpekt til mottakar av prisen: Sjukehuset skriv at forskinga til Utheim er innanfor genetikk og stamcellar med fokus på oftalmologiske sjukdommar. Han har publisert godt og er ansvarleg for eit aktivt PhD-program. Han har eit veletablert program med Harvard Medical School for samarbeid og utveksling. Han har hatt høve til å byggje ei framgangsrik forskergruppe med aktivitetar innanfor ein variasjon av vitskapelege felt. Dr. Utheim er ein stimulerande mentor og mange av forskingsstudentane hans har hatt høve til å nytte hans omfattande og fruktbare internasjonale samarbeid, skriv utvalet. 

Det er sjukehuset sitt forskingsutval som står bak utdelinga. Kandidatane vart fyrst nominert av minst to forskerkollegaar ved sjukehuset og universitetet. Så vart dei vurderte av eit eksternt, internasjonalt vitskapeleg råd, ført an av tidlegare leiar i Nobelkomiteen for fysiologi og medisin, Sten Lindahl, før sjukehuset utpekte mottakarane.

– Svært hyggeleg

I tillegg til stillinga som professor II ved Institutt for oral biologi, har Utheim fleire stillingar ved Oslo Universitetssjukehus og Tørreøyneklinikken. Han er svært glad for prisen: – Det er hyggeleg og motiverande å få denne prisen, som anerkjennar forskingsfeltet og betydinga av utprega teamwork internt i forskergruppa, samt mellom forskingsmiljøer nasjonalt og internasjonalt. Det er hyggeleg å tenke på at det i realiteten er forskergruppa si pris. Eg er overtydd om at prisen kjem til å inspirera mange i gruppa til vidare innsats innen forsking og innovasjon, seier Utheim til Oslo Universitetssjukehus sine heimesidar.

Prisane delast ut ein gong om året og er meint å skulle heidre dei beste etablerte forskarane til sjukehuset, og vere ei påskjønning og stimulans til lovande talentar. På Oslo Universitetssjukehus sine heimesider kan ein lese meir om saka og prisvinnarane.

Emneord: framifrå forsking, fremragende forskning, oslo universitetssykehus, stamceller Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 5. mai 2017 16:22 - Sist endret 27. okt. 2017 13:08