I debatt mot helseministaren

Tiril Willumsen fortalde helseministaren kvifor endringane for pasientar med tannbehandlingsangst bekymrar ho, i Dagsnytt 18.

Bilde av helseministeren og professor Willumsen som sitter og diskuterer i et radiostudio.

Professor Tiril Willumsen er bekymra for at Høie ikkje har fått rett informasjon om kva endringane i ordninga om refusjon til pasientar med tannbehandlingsangst inneber. Skjermdump: NRK.no.

Her kan de sjå heile debatten.

Professoren frå Avdeling for pedodonti, ved Institutt for klinisk odontologi, møtte helseministar Bente Høie til debatt i NRK sitt radio- og TV-program Dagsnytt 18 tysdag. Willumsen utfordra Høie på at endringar i det såkalla innslagspunkt 14 i statsbudsjettet, kan komme til å føre til eit dårlegare tilbod for pasientar med tannbehandlingsangst.

Denne pasientgruppa har fått refundert kring 3/4 av utgiftene til behandling hos private tannlegar, men frå nyttår gjeld ikkje lenger denne refusjonen. Endringa bekymrar Willumsen, likt ei rekke kollegaar og Tannlegeforeninga. Willumsen si doktorgrad frå 1999 handla om tannlegebehandlingsangst.

I Dagsnytt 18-studio stilte også helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe.

 

 

Emneord: statsbudsjett, odontofobi, innslagspunkt 14, HELFO, NRK, Dagsnytt atten Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 20. des. 2017 11:16 - Sist endret 20. des. 2017 11:22