Regjering med løyving for 2018 til forprosjekt til nytt odontologibygg

I framlegget til statsbudsjett for 2018 kom regjeringa med ei løyving på 10 millionar kroner til å laga eit forprosjekt for eit planlagt nybygg for klinikkane til Det odontologiske fakultetet. Det kan du lese i Uniforum

Nemko-bygningen i Gaustadalleen 30 må truleg rivast for å gi plass til nytt klinikkbygg for odontologi. (Foto: Ola Sæther)

Nemko-bygningen må truleg rivast for å gi plass til nytt klinikkbygg for Det odontologiske fakultetet. Det stadfestar eigedomsdirektør John Skogen på UiO i ein sak i Uniforum.

Om alt går etter planen, uttalar eigedomsdirektør John Skogen til Uniforum, kan byggjeprosjektet bli sett i gang i 2022 og klinikkbygget vera klart til innflytting i 2025.

 

Dekan Pål Barkvoll er svært nøgd med at prosessen med nytt klinisk bygg nå går framover, og at vi om nokre år kan flytta inn i nytt flott klinisk bygg.

 

 

Av Leif Erling Jensen
Publisert 1. nov. 2017 09:00 - Sist endret 1. nov. 2017 17:19