Nyttig samarbeidsmøte i Oslo for Nordplus- nettverket

Tysdag 7.november var Bachelorutdanninga i tannpleie vertskap for det årlege møtet i Nordplus- nettverket.

Årets møte i Nordplusnettverket ble avholdt i Oslo 7.november

Fra v: Universitetslektor Eli-Karin Søvdsnes, Tannpleierutdanninga OD/ UiO (TP),  undervisningsass. Anne Bundgaard Chrone og tannlege Susanne Lempert fra Københavns Universitet, seksjonsleder Kristin Beathe Hansen ,TP, UiO/OD, universitetsadjunkt Anette Norman fra Karolinska Institutet og tannpleier Dagrun M. Ernø ,TP, UiO/OD (Ikke med på bildet: Rådgiver Kjersti E. Carlsen). Foto © Det odontologiske fakultet, UiO/Kjersti E.Carlsen)

Det odontologiske fakultet, Universitetet i Oslo (OD) har eit fleirårig samarbeid med Københavns Universitet og Karolinska Institutet i Stockholm (KI) gjennom Nordplus. Dette er Nordisk ministerråds samarbeidsprogram for utveksling av lærarar og studentar innan høgare utdanning.

Ein del av utdanninga utanlands

På 4. og 6.semester kan tannpleiarstudentane søkje om, og få innvilga, ein månads utvekslingsopphald ved anten Københavns Universitet eller KI.  I tillegg kan dei same studentane søkje om praksis i utlandet i 6.semester ved Tanga International Competence Centre (TICC) i Tanzania.

Agenda på møtet

På møtet tysdag 7.november drøfta deltagerne mål og moglegheiter med studentutveksling og lærarutveksling. Andre tema var økonomi, praksisutveksling og sensorutveksling.

Neste år vil møtet arrangeres i København.

 

Emneord: Nordplus, Tannpleierutdanningen, Tannpleierstudent, Utveksling Av Kjersti E. Carlsen
Publisert 9. nov. 2017 15:47 - Sist endret 9. nov. 2017 17:32