Splitter ny Nano CT-maskin på plass

Etter fleire år med arbeid for å finansiere den sjeldne maskina, vart den endeleg levert ved fakultetet i siste veke.

Tre personer står og smiler til venstre for et stort instrument.

Professor Janne Elin Reseland frå Avdeling for biomateriale (t.v.) og snart OD-tilsett, professor Liebert Nogueira frå Rio de Janeiro State University, var glade for å kunne ta imot den to tonn tunge maskina. Til høgre Andreas Tenga, frå firmaet Bruker microCT, som leverte utstyret. Foto: © Det odontologiske fakultet, UiO/Håvard Haugen.

Få odontologiske lærestadar har ein Nano CT, og ingen andre i verken Noreg eller Sverige. Saman med den eksklusive maskina, får fakultetet også ta i mot ein ny teknikar som skal ha ansvar for den: Liebert Nogueria startar ved fakultetet 4. januar. Han har erfaring med microCT og synchotron frå tidlegare.

Det er professor Håvard J. Haugen og Janne Reseland ved Avdeling for biomateriale som har vore initiativtakarar for å skaffe maskina:

– Janne og eg har brukt mange år på å få gjennom søknader for å sikre finansiering av denne maskina. No er vi glade og spente på å ta den i bruk, fortel Haugen.

Les meir og sjå fleire bilete på Avdeling for biomateriale sine sider (engelsk).

 

Emneord: nano, nanoCT, Biomaterials, Biomaterialer, CT Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 6. nov. 2017 16:10 - Sist endret 31. jan. 2022 13:42