Det odontologiske fakultet sette tydeleg preg på Forskingsdagane

For OD vart Forskingsdagane 2017 avslutta med eit høgaktuelt og vellykka arrangement om munntørrleik.

Professor Hilde Kanli Galtung (t.h.) prøver å syne ordstyrar Eldrid Borgan og publikum korleis spyttkjertlar er oppbygd. Foto: Margit Selsjord, OD/UiO.

OD baud på forsking av høg kvalitet frå heile fem forskarar, frå begge institutt, under sitt årlege populærvitskapelege innslag på Forskingsdagane. Med den overordna ramma «verdiar», greia forskarane ut om «Verdien av spytt» på Kulturhuset i Oslo sentrum onsdag 27. september.

Blant spørsmåla som vart svara på og diskutert var: Kvifor er spyttet så verdifullt? Kva stoff inneheld spyttet som er så viktige? Kven er dei typiske pasientane som lider av munntørrleik? Kva for lidingar går dei gjennom?

Mediemerksemd kring munntørrleik

I samanheng med arrangementet har forskarane som deltok også greid å sette munntørrleik på dagsorden gjennom media. Tysdag 26. september hadde tre av dei ein kronikk på trykk i Aftenposten med overskrifta: Spyttet vårt er livsviktig.

Professor Janicke Liaaen Jensen vart også invitert som gjest for dagen i programmet Her og nå i NRK P1. Der fekk ho utdjupe kvifor munnhola i mykje større grad må bli sett på som ein del av kroppen. Eit godt døme på kvifor det er viktig, er dei mange pasientane som lider av munntørrleik.

Her kan de høyre Janicke Liaaen Jensen i Her og nå: «Spyttmangel som folkehelseproblem»

Viktig arena for formidling

Den fysiske plassen for arrangementet i år var Kulturhuset ved Youngstorget. I publikum var det fleire eksterne gjestar enn nokon gong tidlegare. – Arrangement som dette er så viktig for at vi skal nå ut og kunne gjere den delen av samfunnsoppdraget som handlar om formidling av forskinga vår, meiner forskingsdekan Linda Hildegard Bergersen. Ho deltok som tilskodar på Kulturhuset og var imponert over innsatsen til både dei fem forskarane, og innleigd ordstyrar Eldrid Borgan. – Dei gjorde ein kjempejobb på scena! Og det var tydeleg av stor interesse for publikum, som hadde fleire spørsmål mot slutten, fortel ho.

Dei som deltok frå OD var Janicke Liaaen Jensen, Lene Hystad Hove, Bente Brokstad Herlofson og Alix Young Vik frå Institutt for klinisk odontologi, og Hilde Kanli Galtung frå Institutt for oral biologi.

Kulturhuset
Emneord: munntørrleik, munntørrhet, Forskningsdagene, forskingsdagane, spyttkjertel, spytt, kreft, munnhelse, munnhulekreft, Sjögrens syndrom Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 28. sep. 2017 15:32 - Sist endret 28. sep. 2017 15:33