Skreiv under samarbeidsavtale med Forsvaret

Det odontologiske fakultet har inngått ein rammeavtale med Forsvarets sanitet om samarbeid innanfor mellom anna akuttmedisin og rettsodontologi.

Bilde av kontreadmiralen og dekanen som håndhilser inne på et kontor, mens de ser inn i kamera

Jan K. Sommerfelt-Pettersen, kontreadmiral og sjef for Forsvarets sanitet (t.v.) og dekan Pål Barkvoll. Foto: ©OD, UiO/Margit Selsjord.

Tilsette og uteksaminerte frå fakultetet bidrar allereie inn i Forsvaret og tar del i operasjonar der, men i fleire år har det vore eit ønske om tettare samarbeid frå begge partar. – Avtalen vi har skrive under no skal leggje enda betre til rette for at tannlegar herifrå kan bli en større medisinsk ressurs, og at dei skal kunne delta i Forsvarets arbeid, fortel dekan Pål Barkvoll.

Onsdag 29. november fekk han besøk av kontreadmiral og sjef for Forsvarets sanitet, Jan K. Sommerfelt-Pettersen, for å skrive under avtalen.

Rettsodontologi og førstehjelpskompetanse

Bilde av kontreadmiralen og dekanen på besøk i fakultetets klinikk
Jan K. Sommerfelt-Pettersen (t.v.) fekk tatt ein titt på Kirurgisk avdeling da han besøkte fakultetet og dekan Pål Barkvoll onsdag 29. november. Foto: ©OD, UiO/Margit Selsjord.

Høvet med avtalen står som «å gjere begge partar i best mulig stand til å løyse sine oppgåver på eiga hand og i fellesskap i fred, krise, katastrofe og krig».

Rammeavtalen legg til rette for meir konkrete særavtalar. Frå start kjem det til å bli inngått eigne avtalar om samarbeid kring rettsodontologi og at dei som blir utdanna ved OD skal kunne bidra med sin kompetanse i totalforsvaret. Det inneber at førstehjelpsundervisninga til fakultetet leggjast på eit slikt nivå at ho kjem samfunnet til gode, og at tannlegar frå OD i større grad kan bidra i Forsvaret si akuttmedisinske teneste.

– Forsvarets sanitet samarbeider med KRIPOS og har god kompetanse innanfor rettsodontologi. Dei har og fasilitetane til å utvikle og utdanne tannlegar med høg kvalitet innan disiplinen. Innan akuttmedisinske prosedyrer og diagnostikk har dei og kompetanse som vil kunne løfte våre studentar og spesialistkandidatar fagleg, meiner Barkvoll.

 

Emneord: rettsodontologi, Forsvaret, forsvarets sanitet, akuttmedisin Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 29. nov. 2017 14:54 - Sist endret 29. nov. 2017 14:54