Inspirerande vinterseminar

Hafjell var destinasjon då Scandinavian Society for Biomaterials hadde sitt årlege seminar. Ein konferanse som avdelinga for biomaterialar arrangerte. Tilbakemeldingane frå deltakarane tyda på at både den norske fjellheimen og sjølve programmet freista til eit snarleg gjensyn.

Gruppebilder av mennesker

God stemning då alle deltakarane var samla til eit fellesbilete i snøen. Foto:Jonas Wengenroth, OD/UIO.

Høg kvalitet

Håvard Haugen og Hanna Tiainen har saman med NTNU våre ansvarlege for programmet. På fråge om kva som var høgdepunkta frå seminaret svarar Haguen:

– Høgdepunkta var dei eksellente foredraga som vart holdt og den særs høge kvaliteten på all arbeidet som var presentert. Avdeling for biomatrialar hadde to munnlege presentasjonar, ein rapid fire og heile fire poster på konferansen. Ingen andre grupper var så sterkt representert.

Fv.Instuttleiar Prof. Ellingsen,postdoktor Hanna Tiainen  og President i den skandinaviske biomaterialer foreining. Prof. Ólafur E. Sigurjónsson. Foto Jonas Wengenroth, OD/UIO.

– Andre høgdepunkt var nettverksbygging med verdensleiande forskarar på fagfeltet. Aldri før har vi hatt føredragshaldarar med så mange Nature og Science papers, eller så høge H-indeksar før.

Unik atomsfære

For dei fleste nordmenn er fjellheimen ein naturlig destinasjon, men for andre er ikkje fjellet eit like sjølvsagt val for eit seminar. På fråga om korleis ein då klarar å få så mange internasjonalt kjende forskarar til å ta turen til fjells gir Håvard Haugen fylgjande forklaring:

– Vi greier å skape ei unik atmosfære og tilby noko som store konferansen ikkje kan levere. "Eksotiske" konferanselokalar langt frå ein storby der alle forskarar møtast både til frukost, lunsj og middag. Dette skaper ei unik atmosfære og moglegheit for nettverking som ein ikkje finn på store konferansar.

– Kombinasjonen med langrenn og skikøyring i programmet, poster session etter middagen, program der ein har lange kaffipauser til å diskutere resultat og presentasjonar. Tilbakemeldingane er ekstremt positive frå alle deltakarar. Vi har også laga ei spørreundersøkelse som viser ein fantastisk fornøgdheit etter konferansen.

Arena for unge forskarar

Hensikta med seminaret var også å skapa ein arena for unge forskarar, slik at dei kunne få mogligheita å knyta kontakt med erfarne forskarar.  I tilbakemeldingane frå dei unge forskarana som deltok på seminar, var dette eit av dei viktigaste aspekta med seminaret.

Unge forskarar samla på Hafjell.Dei hadde alle fått reisestipend betalt av konferansen.                            Foto:Jonas Wengenroth OD/UIO.
 

Her er nokre av tilbakemeldingane frå Ph.d.-studentante som deltok.

Vita Zalite frå Riga Technical University:

«Eg var særskild nøgd med postersessionen. Det var ei stor glede å diskutera forskinga mi med andre som verkeleg var interessert i det eg forskar på. For meg var den mest spanande postaren frå Universitetet i Oslo som handla om ameloblatin og Ca2+ bindingar, og eg hadde ein svært interessant samtale med forfattaren. »

Timothy Jøraholmen frå NTNU:

«Medan den korte tida konferansen var, steig læringskurva mi, ettersom kvar person eg snakka med, hadde nyttige tilbakemeldingar og råd for forskinga mi. Årsaka til det oppdaga eg, er at fagfeltet biomateriale tiltrekk seg menneske frå ulike disiplinar. Når dei samlast, utviklar dei ny kunnskap for den framtidige forskinga for implantatar. Storleiken på konferansen lagde og eit naturlig flatt hierarki, kor alle kunne prata med alle for å utveksle idear. For ein student som meg, blir det då mogleg å bli kjent med og ikkje minst læra frå dei aller beste i sitt felt.»

 

Darta Ubele frå Riga Technical University

«Eg hadde ein munnleg presentasjon av forskinga mi: "Investigations on the tailorability of hard tissue implant surfaces by printing”. Sjølv om eg var nervøs og presentasjonen min ikkje gjekk som eg planla, var erfaringa utruleg, for etterpå fekk eg så mange råd og oppmodingar.»

Kaisa Vuornos, BioMediTech/ University of Tampere, Finland

«Eg deltok på seminaret med stor entusiasme. Eg vart inspirert av den høge kvaliteten på det vitskapelege programmet, og då særskilt keynote føredraga.»

 

Plenumsinnleiarar

 

vinterseminar
Av Astrid S. Bjørkeng
Publisert 29. mars 2017 11:37 - Sist endret 29. mars 2017 14:45