Statsministaren fekk sjå topp innovativ odontologisk forsking
Professorane Håvard Haugen og Jan Eirik Ellingsen hadde gleda av å presentere forskinga si for statsministar Erna Solberg i den nyopna «ShareLab» denne veka.

Foto: Yngve Vogt.
Den nye laben i Forskningsparken har alt av fasilitetar og kontorplassar, og er open for bioentrepenørar innan livsvitskap. Haugen og Ellingsen si verksemd Corticalis A/S, er ein av aktørane som no har kjøpt seg plass i laben.
Då statsministar Solberg kom for å markere den offisielle opninga av laben, var forsking på vekst av nytt beinvev noko av det ho fekk lære meir om - presentert av dei to professorane frå Det odontologiske fakultet. Forskinga spring ut frå samarbeidsprosjekt fakultetet har hatt med næringslivet gjennom mange år.
Fleire tilsette ved fakultetet er ein del av Corticalis A/S og forskinga ved ShareLab: professor Ståle Petter Lyngstadaas, førsteamanuensis Hans Jacob Rønold og førstelektor Johan Caspar Wohlfahrt.