Organisasjon

Det odontologiske fakultet består av to institutt som er organiserte i mindre einingar/grupper. Fakultetsstyret er det øvste organet ved Det odontologiske fakultet. Fakultetet blir leidd av ein vald dekan og ein fakultetsdirektør.

  • Fakultetsstyret fastlegg overordna mål, prioriteringar og strategiar for verksemda.
  • Dekanen er den øvste leiaren ved fakultetet. 
  • To prodekanar, prodekan for forsking og forskarutdanning og prodekan for studium og utdanning, attåt fakultetsdirektør utgjer saman med dekan fakultetsleiinga.
  • Fakultetet er ei strategisk og administrativ eining over institutta. 
  • Kjerneverksemda ved fakultetet er forsking, undervisning og formidling.
  • Verksemda blir organisert og administrert på institutta.
  • Institutta blir leidde av instituttleiarar som rapporterer til leiinga og styret ved fakultetet.

 

Publisert 29. sep. 2010 16:06 - Sist endret 17. jan. 2011 09:53