Karrierevegar etter utdanning

Det odontologiske fakultet utdannar tannlegar i odontologi (master) og tannpleiarar (bachelor), i tillegg til spesialistprogrammet, doktorgradsprogrammet og det nyleg etablerte dobbeltkompetanseprogrammet.

Foto: Jan Unneberg, UiO

Dette er helsefaglege profesjonsstudium som etter enda utdanning gjev autorisasjon som anten tannlege, tannpleiar eller spesialist med rett til sjølvstendig yrkesutøving. Desse yrka kombinerer ein eineståande kompetanse beståande av solid grunnutdanning forankra både i medisinen og biologien med avanserte kliniske ferdigheiter for pasientbehandling. Det unike ved desse yrka er derfor den breie teoretiske utdanninga som praktisk blir brukt i den kliniske pasientbehandlinga.

Tannlege

I Noreg er det i dag om lag 3800 yrkesaktive tannlegar, sysselsette i anten privat verksemd eller offentleg sektor. Tannlegane arbeider som oftast i team samansette av tannlege, tannpleiar, tannhelsesekretær og spesialist der det er ei viss oppgåvefordeling. Tannpleiarane har som hovudregel ansvaret for den sjukdomsførebyggjande verksemda med informasjon og helseopplysning, tannlegen for det diagnostiske og operative og spesialistane for den svært avanserte behandlinga. Desse ansvarsgrensene er flytande der alle har eit sjukdomsførebyggjande ansvar og behandlingsansvaret følgjer kompetansen. Arbeidsmarknaden for tannhelsepersonell er i dag svært godt. Det er ein generell og uttalt mangel på tannhelsepersonell, kanskje med unntak av rundt dei største byane. Det er derfor i dag eit ynske om ei endra oppgåvefordeling mellom tannlegar og tannpleiarar der tannpleiarane kan utføre enklare arbeidsoppgåver som før låg til tannlegane.

Etter utdanning søkjer mange tannlegar seg til den offentlege tannhelsetenesta som har ansvar for den frie tannbehandlinga av barn og unge inntil 20 år, i tillegg til visse prioriterte pasientgrupper som langtidssjuke, eldre i institusjonar, rusavhengige, berre for å nemne nokre. I tillegg vil det i dei offentlege stillingane ofte vere høve til å behandle vaksne pasientar som sjølve betaler for eiga tannbehandling. Dette gjev eit unikt høve i den offentlege tannhelsetenesta til å arbeide med svært varierte og interessante oppgåver frå sjukdomsførebyggjande arbeid og helseinformasjon til avansert tannbehandling med tilgang til svært godt utstyrte klinikkar.

Etter få år er det mange tannlegar som går over til privat sektor som sysselset nesten 3 av 4 yrkesaktive tannlegar, anten som sjølvstendige praktiserande tannlegar eller som assistentar i privat praksis. Tendensen no er at fleire tannlegar går saman i større senter med eit breitt behandlingstilbod til den vaksne befolkninga.

Tannpleiarar                

Tannpleiarutdanninga gjev spesiell kompetanse innan den helsefremjande og sjukdomsførebyggjande tannhelsetenesta, i tillegg til kompetanse innan odontologisk klinikk. Det er ein tendens i dag til at tannpleiarar meir og meir utgjer fyrstelinjerolla i tannhelseteamet med tannhelsekontrollar, screening og noko enklare tannbehandling. Det er om lag 800 yrkesaktive tannpleiarar i Noreg i dag, noko som utgjer om lag 1 tannpleiar per 6 yrkesaktive tannlegar. Dette er langt under det helsestyresmaktene  ynskjer, og auka utdanning av tannpleiarar er derfor prioritert. Tannpleiarane er tilsette både offentleg og privat og har eit svært variert og interessant arbeidsfelt. Tannpleiarane er viktige i den oppsøkjande tannhelsetenesta med regelmessige tannhelsekontrollar og har slik ei helt unik og viktig rolle i tannhelsetenestene. Arbeidsmarknaden for tannpleiarar er også svært godt.

Spesialist

Det vil alltid vere behov for å oppretthalde og utvide kompetansen som tannlege. Etter få års praksis kan ein ta ei av dei sju godkjende spesialistutdanningane. Dette er 3-årige utdanningar (5 år for kirurgi) som tek sikte på å heve den teoretiske og kliniske kompetansen i visse fagfelt for å kunne utgreie, diagnostisere og behandle særleg kompliserte kasus. Dei fleste spesialistar arbeider som privatpraktiserande. I samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta og allment privatpraktiserande tannlegar utgjer desse viktige element i heile tannbehandlingstilbodet til den norske befolkninga.

Doktorgrad

Doktorgradsprogrammet er 3-årig og gjev forskingserfaring og spesialkompetanse innanfor eit visst fagfelt. Dette er ei utdanning som skal utvikle fagfelta, gje ny kunnskap, og dei er avgjerande for rekrutteringa til vitskaplege undervisningsstillingar ved universiteta. Denne utdanninga er dermed basis for den vitskaplege forankringa av undervisninga ved universitetet. Doktorgradsprogrammet kan ein også søkje på etter få års praksis, og programmet er også ope for andre utdanningar.

Dobbeltkompetanse

Dobbeltkompetanseprogrammet er ein kombinasjon av doktorgradsprogrammet og spesialistprogrammet. Det gjev altså både forskingskompetanse og klinisk spesialistkompetanse i eit noko forkorta løp i forhold til dei separate programma samla. Det er meint som rekruttering for kliniske undervisningsstillingar ved universiteta og ved kompetansesentra. Kompetansesentra er av helsestyresmaktene vedtekne oppretta i alle helseregionar og skal medverke til at spesialiserte tannhelsetenester er betre tilgjengelege i befolkninga generelt, og at forskinga og kompetansen i den kliniske pasientbehandlinga skal aukast. Dette skal sikrast ved at kliniske spesialistar med forskingserfaring spesielt blir knytte til slike kompetansesenter.

Publisert 17. okt. 2010 20:54 - Sist endret 9. sep. 2014 09:55