Evalueringsformer og eksamen

  •  Det høgaste tillatne fråveret er 10 % av tida. Under heilt spesielle forhold kan fagavdelinga godkjenne høgare fråver.

For kurs tekne utanfor fakultetet gjeld:

  • Kurs tekne for meir enn 10 år sidan kan vanlegvis ikkje godkjennast.
  • Søknad om godkjenning av eksterne kurs blir avgjord av semesterutvalet i samråd med faglærar.
  • Kursa må vere valda slik at dei samla utgjer ein fagleg relevans til den aktuelle spesialiteten.

Avsluttande eksamen

  • Søknaden om å framstille seg til avsluttande eksamen må være fakultetet i hende seinast 6 veker før eksamen er planlagt halden. Med søknaden frå fagavdelinga skal det følgje ei oversikt over klinisk verksemd (dokumenterte, behandla kasus), kurs, Spesialistarbeid og melding frå vedkomande klinikk om at utdanninga er rekna fullført i samsvar med vedtekne krav. Spesialistarbeidet er eit vitskapleg arbeid normert til 500 timar, på eit nivå som kan publiserast i NTFs Tidende. Unntaksvis kan eit kompilatorisk arbeid eller eit dokumentert undervisningsopplegg godkjennast som Spesialistarbeid.
  • Med søknaden om å framstille seg til eksamen skal klinikkens framlegg til eksamenskommisjon følgje med, gjerne med opplysningar om at sensor har sagt seg villig til å ta oppdraget.
  • Sensors utgifter til reiser, opphald mv. dekkes av fakultetet.
  • Det blir gjeve skriftleg melding til eventuell kandidat som ikkje kan få framstille seg til eksamen, med kopi til klinikken
  • Når eksamen har vore halden, sender ein skriftleg melding om utfallet til fakultetet. Meldinga skal vere underteikna av sensor og eksaminator.
  • Fakultetet utferdar deretter diplom til dei som har bestått eksamen.
  • Sensor skal ikkje vere tilknyttet fakultetet.

 

Publisert 29. sep. 2010 16:13 - Sist endret 13. okt. 2016 11:00