Programma er 3-årige med unntak av oral kirurgi & oral medisin som er 5-årig. Programma er normerte til 40 undervisnings veker pr år. Innanfor ein del av fagretningane er klinisk verksemd utanfor fakultetet inkludert i denne normeringa. Etter fullført utdanning tek kandidatane eksamen og får tildelt vitnemål for gjennomført Spesialiststudium i vedkommande fag.
Regler for spesialistutdanning av tannleger: Fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet 05.02.2014, justert 13.01.2016
Programplan for spesialistutdanning i odontologi
Kurstilbodet for spesialistutdanninga er tredelt:
1. Kjernepensum
Forutan ei lita introduksjonspakke i IT for nye kandidatar kvar haust gjev ein kurs i kjernepensum, som er kravd gjennomgått av alle kandidatar uansett disiplin. Kjernepensum er igjen todelt, med del 1 i haustsemesteret og del 2 i vårsemesteret. Desse går annakvart år.
Kjernepensum del 1 hausten 2022 - avsluttet og neste kjernepensum del 1 er i høsten 2024.
Kjernepensum del 2 våren 2023 - avsluttet og neste kjernepensum del 2 er i våren 2025.
2. Fakultetsbaserte kurs
Dernest tilbyr ein såkalla fakultetsbaserte kurs, som blir arrangerte av fakultetet, der dei enkelte kursa kan være obligatoriske for kandidatar på enkelte program, men opne for alle føresett at det er plass. Desse går også annakvart år, i dei semestra der det ikkje er kjernepensum.
Fakultetsbaserte kurs del 1 hausten 2023
Fakultetsbaserte kurs del 2 våren 2024
3. Avdelingsbaserte kurs
Endeleg gjev ein avdelingsbaserte kurs, som blir arrangerte av avdelinga for det aktuelle spesialistprogrammet og er obligatoriske for kandidatar her, men som kan opnast for andre kandidatar føresett at plassforholda tillèt det.