Hugseliste etter at du har søkt

Hugs å takke ja til studieplassen i Søknadsweb seinast ei veke etter at du har fått tilbodet via e-post. Dersom du ikkje takkar ja innan fristen, vil du miste plassen. Syt for at du har levert alle naudsynte dokument.

Foto: Jan Unneberg, UiO

Dersom du søkjer på utveksling gjennom bilaterale avtalar

Finn søknadsskjema på nettsidene til ditt utanlandske universitet, gjerne under 'admission', 'international students' eller liknande. Dersom du ikkje kan finne søknadsskjema for ditt universitet, tek du kontakt med saksbehandlaren din. Fyll alltid ut søknadsskjemaet elektronisk dersom det er mogleg.

Oppsøk saksbehandlaren din

  • som tek kontakt med universitetet i utlandet på dine vegner
  • sender søknadspapira dine til det utanlandske universitetet
  • gjev deg råd om praktiske detaljar rundt utanlandsopphaldet ditt
Publisert 8. nov. 2010 12:41 - Sist endret 29. sep. 2014 09:32