Forsiden UiO Det odontologiske fakultet
print logo

Terminaltenarar

Fakultet i Geitmyrsvegen har ein terminaltenar for bruk av tilsette ved IKO (Institutt for klinisk odontologi).

Terminaltenaren har fått namnet odvitts1

Kvifor/når bør odvitts1 brukast?

Lisensar på program som må oppdaterast jamleg er enklare å administrere.
Eit døme er SPSS som må oppdaterast éin gong i året på alle maskiner.
Siste versjon av SPSS med riktig lisens vil vere tilgjengeleg på odvitts1.

Terminaltenaren vil til kvar tid ha installert siste godkjende versjon av programvare.

Om ein kontor-PC krasjar vil IT-seksjonen kunne erstatte denne med ein tynn klient i løpet av kort tid. Då vil brukaren få tilgang til dei mest vanlege programma også i den tida det tek å få reparert kontor-PC-en.
Til vanleg bruk har denne løysinga (tynn klient) god yting.

Ved mellombelse behov, t.d. kortare vikariat, vil ein kunne bruke ein tynn klient i staden for å setje opp ein ny kontor-PC.

Kven kan bruke odvitts1?

Tilsette ved Det odontologiske fakultet i Geitmyrsvegen.
Opptil 20 brukarar kan i utgangspunktet vere logga inn samstundes.

Programvare:

Vanleg UIO kontor-programvare (MSoffice, e-post, nettlesar m.m.)

Vitskapleg programvare: SPSS

Fordelar med terminaltenar

Raskare oppdatering av programvare og lettare vedlikehald (Tryggleik)

Stabilitet

Tenaren er kraftigare enn vanlege PC-ar (2GB minne, 2 X 2,6 GHz prosessorar)

Publisert 20. okt. 2010 12:42 - Sist endret 11. aug. 2011 13:29