Klinikk for spesialbehandling

Klinikken gjev behandling til born og vaksne på spesialistnivå innan fagområda.

Kven er pasientane våre?

Klinikken gjev behandling til born og vaksne, på spesialistnivå innan fagområda:

  • Kjeve- og ansiktsradiologi
  • Kjeveortopedi (tannregulering)
  • Kjeveortopedi og ortognatisk kirurgi
  • Oral kirurgi og oral medisin
  • Implantatbehandling
  • Protetikk
  • Periodonti
  • Endodonti

Interdisiplinær spesialistbehandling kan koordinerast mellom alle odontologiske fagområde.

Behandlinga blir i hovudsak utført av tannlegar under spesialistutdanning og av spesialistar. Det går også føre seg studentundervisning, og studentar utfører eigna undersøking og behandling under rettleiing av lærar.

Klinikken har samarbeidsavtale med Tannhelsetenestane i Oslo og Akershus om all kirurgisk behandling for born frå 0-18 år. I avtalen ligg også inne behandling av avansert periodonti og protetikk og eventuell enklare kjeveortopedisk behandling.

Kven kan tilvise til oss?

For undersøking og behandling som krev spesialistkompetanse, kan helsepersonell tilvise til Klinikk for spesialbehandling eller til dei følgjande fagavdelingane:

  • Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi
  • Avdeling for kjeveortopedi
  • Avdeling for oral kirurgi og oral medisin
  • Avdeling for protetikk.
  • Avdeling for periodonti

Det må føreliggje ei tilvising før timeavtale kan gjevast til pasient. Digitale røntgenbilete og kliniske bilete som leggjast ved tilvisinga bør sendast på CD eller USB-minne.

Behandlingskapasitet kan variere avhengig av nivåa i spesialistutdanningsprogramma.

Klinikk for spesialbehandling

Klinikkenes avdelingsleder/koordinator, oversykepleier
Sissel Strømfjord

Klinikken består av følgende einingar:

Avdeling kjeveortopedi, protetikk og periodonti

Geitmyrsveien 71, 2. etasje
Tlf. resepsjon: 22 85 22 54

Fagsjef Kjeveortopedi

Vaska Vandevska- Radunovich

Fagsjef Periodonti

Anne Merete Aass

Fagsjef Protetikk og Bittfunksjon

Erik Saxegaard

Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi

Geitmyrsveien 71, 3. etasje
Tlf. resepsjon: 22 85 21 00

Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi

Fagsjef

Linda Z. Arvidsson

Poliklinikk og operasjonsavdeling
for oral kirurgi og oral medisin

Geitmyrsveien 71, 4. etasje
Tlf. resepsjon: 22 85 22 33

Avdeling for oral kirugi og oral medisin

Fagsjef

Janicke C. Liaaen Jensen

Publisert 29. sep. 2010 16:25 - Sist endret 25. feb. 2021 14:45