Spesialistutdanning

Vi tilbyr spesialistutdanning i: Endodonti, Kjeve - og ansiktsradiologi, Kjeveortopedi, Oral kirurgi og oral medisin, Oral protetikk, Pedodonti, Periodonti, i tillegg til vidareutdanning i Oral patologi.

Programma er 3-årige med unntak av oral kirurgi & oral medisin som er 5-årig. Programma er normerte til 40 undervisnings veker pr år. Innanfor ein del av fagretningane er klinisk verksemd utanfor fakultetet inkludert i denne normeringa. Etter fullført utdanning tek kandidatane eksamen og får tildelt vitnemål for gjennomført Spesialiststudium i vedkommande fag.

Regler for spesialistutdanning av tannleger: Fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet 05.02.2014, justert 13.01.2016

Programplan for spesialistutdanning i odontologi

Kurstilbodet for spesialistutdanninga er tredelt:

Kjernepensum

Forutan ei lita introduksjonspakke i IT for nye kandidatar kvar haust gjev ein kurs i kjernepensum, som er kravd gjennomgått av alle kandidatar uansett disiplin. Kjernepensum er igjen todelt, med del 1 i haustsemesteret og del 2 i vårsemesteret. Desse går annakvart år.

 

Kjernepensum del 1 hausten 2020 -avsluttet, neste kjernepensum starter igjen høsten 2022.

 

Kjernepensum del 2 starter våren 2021 - avsluttet, neste kjernepensum del 2 starter igjen våren 2023.

 

Fakultetsbaserte kurs

Dernest tilbyr ein såkalla fakultetsbaserte kurs, som blir arrangerte av fakultetet, der dei enkelte kursa kan være obligatoriske for kandidatar på enkelte program, men opne for alle føresett at det er plass. Desse går også annakvart år, i dei semestra der det ikkje er kjernepensum.

 

Fakultetsbaserte kurs del 1 hausten 2021 - Det kan forekomme endringer i timeplanen. Denne oversikten skal alltid være oppdatert!

Påmeldingsnettskjemaer kommer snart!

 

Fakultetsbaserte kurs del 2 starter våren 2022.

 

Avdelingsbaserte kurs

Endeleg gjev ein avdelingsbaserte kurs, som blir arrangerte av avdelinga for det aktuelle spesialistprogrammet og er obligatoriske for kandidatar her, men som kan opnast for andre kandidatar føresett at plassforholda tillèt det.

Publisert 29. sep. 2010 16:13 - Sist endret 20. mai 2021 15:39