Institutt for klinisk odontologi sterkt representert på endodonti-konferanse

Den europeiske endodontiforeninga arrangerer denne veka sin 19. konferanse. Institutt for klinisk odontologi har sett sitt preg på programmet.

Gruppebilde på scenen med presentasjon-slide i bakgrunnen

Representantane frå instituttet samla. Frå venstre: Dag Ørstavik, Liebert Parreiras Nogueira, Pia Sunde, Gaute Floer Johnsen, Håvard Haugen.

Ein føremiddag er sett av til symposiet "Micro- and nano-CT in endodontic research", leia av professor Dag Ørstavik og befolka av tilsette ved instituttet - senioringeniør Liebert Parreiras Nogueira, professor Håvard Jostein Haugen, phd Gaute Floer Johnsen og førsteamanuensis Pia Sunde.

Sjå programmet på nettsida til konferansen

- Forelesingsrekka vart særs godt motteken, og veldig mange forskingsgrupper frå heile verda kom for å snakke med oss etter symposiet, for å etablere samarbeid, seier professor Jostein Haugen, som sjølv heldt førelesinga "Micro and nano-CT applied to dental research".

2500 tannlegar og endodonti-forskarar deltek på den fire dagar lange konferansen i Wien.

ESE Congress Vienna
Publisert 13. sep. 2019 09:16 - Sist endret 15. sep. 2019 16:23