Oral Health Research Congress i Madrid

Dei europeiske og skandinaviske delane av the International Association for Dental Research (IADR) var vertskap for dette årets kongress i Madrid, med stor deltaking frå Det odontologiske fakultet.

Bildet kan inneholde: sosial gruppe, begivenhet, ungdom, samfunnet, prisutdeling.

Håvard Haugen og Professor Andreas Schedle (Det medisinske universitetet i Wien) leia sesjonen "Dental Materials: Light Curing, Handling & Assessment Of Polymer-Based Materials". Her flankert av nokre av dei som presenterte: Dr. Siegward Heintze (Research & Development, Ivoclar Vivadent AG, Schaan, Liechtenstein) Dr. Dalia Kaisarly (Department of Conservative Dentistry and Periodontology (LMU) Munich, Germany) Dr. Danijela Marović, (School of Dental Medicine, Zagreb, Croatia) Siemon De Nys (KU Leuven, Leuven, Belgium). Foto: Håvard Haugen, OD/UiO

Bildet kan inneholde: offentlig tale, talerstol, orator, tale, stående.
Stig Ellingsen var ein av tre forskarar på periimplantitt som vart inviterte til å halde ein presentasjon på kongressen for unge lovande forskarar. Foto: Håvard Haugen, OD/UiO

Forskarar og kandidatar frå fakultetet heldt presentasjonar, leia sesjonar og heldt posterpresentasjonar på konferansen.

Stig Ellingsen, spesialistkandidat i periodonti, heldt ein presentasjon om erfaringar frå kliniske studiar og resultata av kirurgisk terapi av peri-implantitt. Ellingsen deltok òg i diskusjonspanelet under sesjonen.

Professor Håvard Haugen leia sesjonen "Dental Materials: Light Curing, Handling & Assessment Of Polymer-Based Materials" og heldt presentasjonen "Micro-porosities Revealed in Hybrid Dental Composites by Nano X-ray Tomography". Her presenterte Haugen for første gong forsking på bruk av nanoCT på dentale komposittfyllingar, der forskarane fann porer i materiala som ein ikkje har sett tidlegare.

I tillegg deltok desse OD-forskarane:

  • Stipendiat Håvard Hynne, presentasjon: Oral and Ocular Findings in Radiated Head and Neck Cancer Patients  
  • Stipendiat Sadia Nazir Khan, posterpresentasjon: Bacteriostatic Effect of Filling Materials Used in Implant-abutment-screw-channel
  • Professor Alix Young Vik, posterpresentasjon: Oral Investigations in Head and Neck Cancer Patients after Radiotherapy
  • Professor Janicke Liaaen Jensen, posterpresentasjon: Sjögren’s versus Irradiated Head-Neck Cancer Patients: Oral and Ocular Investigations.
  • Ann Catrin Høyvik: Are Dentists Familiar with the Rights of Torture Survivors?
  • Mariann Saanum Hauge: Dental Anxiety: Dentist-administered CBT-treatment (D-CBT): A Pilot Study

Sjå heile programmet på ced-iadr2019.com

Bildet kan inneholde: plakatøkt, plakat, jobb, begivenhet.
Anders Verket framfor sin poster, med tittelen “Effect of Implantoplasty on the Surface Roughness and Chemical Composition”. Til venstre  Rafael Plá Martinez (Complutense University of Madrid). Foto: Håvard Haugen, OD/UiO
Publisert 10. okt. 2019 12:15 - Sist endret 10. okt. 2019 12:15