Søknadsprosessen
For å søkje utveksling gjennom bilaterale avtalar må ein:
- Gå 7. semester på masterprogrammet i odontologi (tannlege).
- Ha normal studieprogresjon.
- Ha normal progresjon på klinikk.
- Vere personleg eigna.
Studentane registrerer søknadsalternativa sine i SøknadsWeb, innan søknadsfristen 15. september.
Alle studentar som har søkt på utveksling gjennom bilaterale avtalar, vil 1 – 2- veker etter at søknadsfristen går ut, bli kalla inn til eit intervju.
Studentar som blir innstilte til utveksling gjennom bilaterale avtalar må i tillegg fylle ut og levere søknadsskjemaet for den aktuelle institusjonen, som anten er i papirform eller elektronisk. I båe tilfella må studentane levere eventuelle vedlegg til Studieseksjonen. Søknadsskjema og/eller vedlegg vil så bli sende til den institusjonen studenten har fått innstilling til.
Endeleg stadfesting avheng av søknadsfristen ved den aktuelle institusjonen, men kjem vanlegvis ultimo oktober/primo november.
Etter innstilling
Alle utvekslingsstudentar gjennom UiOs avtalar skal betale semesteravgifta, kopiavgifta og ev. SAIH-tiarane på vanleg måte innan fristane 1.februar / 1.september. I tillegg skal dei semesterregistrere seg.