Søknadsprosessen
For å søkje på Erasmus-utveksling, må ein:
Gå 7. semester på masterprogrammet i odontologi (tannlege).
- Ha normal studieprogresjon.
- Ha normal progresjon på klinikk.
- Vere personleg eigna.
Har ein brukt Erasmus-programmet tidlegare, er det ikkje mogleg å reise ein gong til med mindre det nye opphaldet er eit praksisopphald (Erasmus Student Placement). Ver merksam på at dette gjeld sjølv om utvekslinga var via ein annan institusjon enn UiO.
Studentar som har statsborgarskap frå land utanfor EU/EØS: For UiO sin del er det i orden at desse studentane reiser på Erasmus-utveksling. Fakultetet må likevel sjekke med mottakande institusjon i kvart slikt tilfelle om dei kan ta imot den aktuelle studenten innanfor Erasmus-programmet
Studentane registrerer søknadsalternativa sine i SøknadsWeb, innan søknadsfristen 15. september.
Alle studentar som har søkt på Erasmus-utveksling gjennom fakultetet, vil 1 – 2 veker etter at søknadsfristen går ut, bli kalla inn til eit intervju.
Studentar som blir innstilte til ei Erasmus-utveksling, skal levere "ECTS Student Application Form" og ein "ECTS Learning Agreement", attåt karakterutskrift. Desse vil så bli sende til den institusjonen studenten har fått innstilling til.
Endeleg stadfesting avheng av søknadsfristen ved den aktuelle institusjonens, men kjem vanlegvis i ultimo oktober/primo november.
Erasmus-stipendet
Studentar som får utvekslingsplass gjennom Erasmus-programmet vil kunne få Erasmus-stipend for den perioden dei tek førehandsgodkjende fagstudium i utlandet. Stipendbeløpet varierer frå år til år, og avheng av talet på Erasmus-studentar og storleiken på tildelte stipendmidlar. Vanlegvis har beløpet vore på ca. 180 EURO per utvekslingsmånad.
Erasmus-studentane vil automatisk få tilsendt stipendkontrakt (Erasmus Student Grant Contract) som samanfattar pliktene for mottakaren av stipendet. Stipendkontrakten og utbetalinga av Erasmus-stipendet blir administrert av Seksjon for internasjonalisering av studium (SIS).
Studentar som har fått plass på Erasmus-utveksling via UiO, får informasjon om stipendet og utbetaling på e-post. Informasjonen blir send ut i byrjinga av mai til studentar som reiser i haustsemesteret og i byrjinga av november til studentar som reiser i vårsemesteret.
Stipendkontraktane blir sende ut i byrjinga av juni for utveksling i haustsemesteret og i slutten av desember for utveksling i vårsemesteret. Sjølve stipendet blir vanlegvis betalt ut i slutten av oktober for utveksling i haustsemesteret og slutten av februar for utveksling i vårsemesteret.
Det er viktig at studenten sjølv syter for å ha nok midlar tilgjengeleg i starten av opphaldet i påvente av stipendet.
Etter innstilling
Som nemnt over under avsnittet om Erasmus-stipend vil alle studentane få ein e-post med informasjon om stipendet og andre praktiske forhold (forsikring, semesterregistrering o.l.). Alle utvekslingsstudentar gjennom UiOs avtalar skal betale semesteravgifta, kopiavgifta og ev. SAIH-tiarane på vanleg måte innan fristane 1.februar /1.september. I tillegg skal dei semesterregistrere seg.