Spesialistutdanning

Vi tilbyr spesialistutdanning i: Endodonti, Kjeve - og ansiktsradiologi, Kjeveortopedi, Oral kirurgi og oral medisin, Oral protetikk, Pedodonti, Periodonti, i tillegg til vidareutdanning i Oral patologi.

Programma er 3-årige med unntak av oral kirurgi & oral medisin som er 5-årig. Programma er normerte til 40 undervisnings veker pr år. Innanfor ein del av fagretningane er klinisk verksemd utanfor fakultetet inkludert i denne normeringa. Etter fullført utdanning tek kandidatane eksamen og får tildelt vitnemål for gjennomført Spesialiststudium i vedkommande fag.

Regler for spesialistutdanning av tannleger: Fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet 05.02.2014, justert 13.01.2016

Programplan for spesialistutdanning i odontologi

Kurstilbodet for spesialistutdanninga er tredelt:

Kjernepensum

Forutan ei lita introduksjonspakke i IT for nye kandidatar kvar haust gjev ein kurs i kjernepensum, som er kravd gjennomgått av alle kandidatar uansett disiplin. Kjernepensum er igjen todelt, med del 1 i haustsemesteret og del 2 i vårsemesteret. Desse går annakvart år.

Del 1 hausten 2018

Del 2 våren 2019 

Påmeldingsskjema:

Kjeve- og ansiktsradiologi kurs (fristen for påmelding er 31.12.18): https://skjema.uio.no/108025

Oral biologi kurs (fristen for påmelding er 18.01.19): https://skjema.uio.no/108223

Oral helse i perspektiv (fristen for påmelding er 18.01.19): https://skjema.uio.no/108224

Psykiatri kurs (fristen for påmelding er 15.02.19): https://skjema.uio.no/108227 

Genetikk kurs (fristen for påmelding er 15.02.19): https://skjema.uio.no/108228

Kraniofacial utviklingsbiologi (fristen for påmelding er 08.03.19): https://skjema.uio.no/108226

Mikrobiologi kurs (fristen for påmelding er 18.03.19): https://skjema.uio.no/108026

Fakultetsbaserte kurs

Dernest tilbyr ein såkalla fakultetsbaserte kurs, som blir arrangerte av fakultetet, der dei enkelte kursa kan være obligatoriske for kandidatar på enkelte program, men opne for alle føresett at det er plass. Desse går også annakvart år, i dei semestra der det ikkje er kjernepensum.

Del 2 - våren 2018

Del 1 startar hausten 2019

Del 2 startar våren 2020

Avdelingsbaserte kurs

Endeleg gjev ein avdelingsbaserte kurs, som blir arrangerte av avdelinga for det aktuelle spesialistprogrammet og er obligatoriske for kandidatar her, men som kan opnast for andre kandidatar føresett at plassforholda tillèt det.

Publisert 29. sep. 2010 16:13 - Sist endret 21. jan. 2019 13:28