E-postlister ved Det odontologiske fakultet

Fakultetet har e-postlister som når alle tilsette, studentar og stipendiatar. Om du er i tvil om meldinga di bør sendast ut til alle brukarane ved fakultetet, bør ho vanlegvis ikkje det. Hugs også at det finst fleire e-postlister for å nå stipendiatar, vanlege studentar og tilsette. Dei fleste listene er handsama av eigaren, som i praksis vil seie at e-posten du sender, ikkje kjem fram til mottakaren med ein gong, då han skal godkjennast før vidaresending.

Her er nokre ting ein bør tenkje på før ein sender e-post til ei e-postliste:

  • Unngå vedlegg om dette ikkje er heilt naudsynt. Hugs at det i så fall blir sendt til alle mottakarar på lista, dvs. éin kopi per person.
     
  • Dersom du skal svare på ei liste må du hugse å bruke 'Svar alle'. Elles vil som regel e-posten berre bli send til personen som sende han. Samstundes, ikkje svar til alle dersom svaret ditt berre er relevant for den eine personen du svarer. På denne måten reduserer vi uønskt e-post, og sparer plass og belastning på tenarane.

 Ei enkel oversikt over e-postlistene ligg i feltet til høgre. Merk at innrykka representerer hierarkiet i listene. Til dømes, om ein sender ein e-post til instruktorer@odont.uio.no, vil e-posten i tillegg bli send instruktor-voksen, instruktor-spes og instruktor-barn. Tenk på dette før du sender e-posten slik at vi sikrar at e-posten kjem fram til ønskte personar.

Oversikta over listene som blir brukte ved Det odontologiske fakultet finn du her  (pdf)

Om ein finn feil på listene eller lenkjene, send oss ein e-post på it-hjelp@odont.uio.no

Studentkulla

Studentkullistene vises ikkje på oversikta da desse endrar seg frå år til år. Her er ei forklaring over listenavna til kulla.

Masterstudentar (tannlegestudentar): kull?-xx@odont.uio.no

Bachelorstudentar (tannpleiestudentar): tp-?xx@odont.uio.no

Teiknet '?' angir semester (h for haust) kullet starta.

'xx' angir årstallet (04 = 2004) kullet starta.

Døme: kullh-09@odont.uio.no er lista til tannlegestudentane i kullet som starta hausten 2009

Publisert 23. mars 2021 09:38 - Sist endret 19. mars 2024 09:24