Her kan de sjå heile debatten.
Professoren frå Avdeling for pedodonti, ved Institutt for klinisk odontologi, møtte helseministar Bente Høie til debatt i NRK sitt radio- og TV-program Dagsnytt 18 tysdag. Willumsen utfordra Høie på at endringar i det såkalla innslagspunkt 14 i statsbudsjettet, kan komme til å føre til eit dårlegare tilbod for pasientar med tannbehandlingsangst.
Denne pasientgruppa har fått refundert kring 3/4 av utgiftene til behandling hos private tannlegar, men frå nyttår gjeld ikkje lenger denne refusjonen. Endringa bekymrar Willumsen, likt ei rekke kollegaar og Tannlegeforeninga. Willumsen si doktorgrad frå 1999 handla om tannlegebehandlingsangst.
I Dagsnytt 18-studio stilte også helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe.