EU-tildeling til Biomaterialer

Avdeling for biomateriale vart nyleg tildelt finansiering frå EU til  eit forskingsprosjekt på degraderbare metall, kalt «MgSafe».

Halvnært profilbilde av to forskere som smiler til kamera foran en vegg av blader.

Håvard Haugen og Janne Reseland er svært nøgde med tildelinga frå EU som sikrar dei ein ny Ph.d.-kandidat til prosjektet som forsker på degraderbare metall. Foto: ©Margit Selsjord, OD/UiO.

Tildelinga kjem frå det prestisjefylte Marie Skùdowska-Curie Innovative Training Networks –programmet og prosjektleiar er Håvard J. Haugen.

– Tildelinga har enorm betydning da dette er eit prestisjefylt program i Horizon2020 og kun de aller beste forskingsmiljøa når fram. Det er ei stor ære for Avdeling for Biomateriale å få lov til vere med i eit så eksklusivt og stimulerande konsortium, seier Haugen.

Han fortel og at dei har jobba over tid for denne tildelinga:  – Vi har jo vore veldig aktive på nettverket, skaffa gode partnarar til koordinatoren i prosessen og haldt kontakta med moglege samarbeidspartnarar. Søknaden var inne for tredje gong, og det var ikkje så mange konsortium-deltakarar frå den første runda som fekk lov til å vere med på siste runda, så det gjeld å levere heile tida for å kunne delta. Spesielt kjekt at dette endeleg gjev utteljing etter så mykje hard jobbing.

Nedbrytelege implantat er framtida

Forbetringar i implantat som nyttest til dentale og ortopediske føremål har vorte heilt avgjerande i takt med aldrande befolkning, stadig fleire tilfelle av fedme, ei rask auking i osteoporoserelaterte frakturar og meir høgrisiko sportsaktivitetar. Til no har desse indikasjonane som oftast vore behandla med ikkje-nedbrytbare metallimplantat, som i nokre fall krev kirurgisk fjerning etter at beinet har blitt heilt friskt att. I 2013 vart det fyrste nedbrytelege metallimplantatet laga av ei CE-sertifisert Mg-legering, som har vorte implantert i fleire enn 100 pasientar.

Frå både helsesektoren og pasienten sitt synspunkt gir nedbrytelege implantat levedyktige, kostnadseffektive og pasientvennlege alternativ. Målet med MgSafe-prosjektet er å kvantifisere deira fysiske innvirking og kor egna denne klassen av materiale er i framtidige menneskelege applikasjonar.

Midla frå EU skal særleg brukast til å finansiere løna til ein PhD-kandidat, forskingsopphald av tre PhD-kandidatar, driftsmidlar, workshops og møter med høgt profilerte europeiske samarbeidspartnarar.

Emneord: Biomaterialer, biomateriale, mgsafe, marie-curie, EU-midler, tildeling Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 7. juni 2018 13:24 - Sist endret 7. juni 2018 16:18