Frukostmøte freista til gjentaking

«Brennmerket» blei eit vellykka frukostmøte sett frå både arrangørarane, forskarane og publikum si side - så vellykka at det ga meirsmak.

Nesten hundre stykke fant vegen til Kulturhuset fredag 12. oktober, for frukost, kaffi og fagleg påfyll om samanhengen mellom redusert munnhelse og utanforskap i samfunnet.
 
– Det blei eit flott og interessant arrangement og det kom mange gode tilbakemeldingar, seier dekan Pål Barkvoll. – Her viste Universitetet i Oslo seg fram med gode, klare og meiningsfulle innlegg frå forskarar frå to ulike disiplinar, men som likevel utfyllar kvarandre. Her legg vi ned ei viktig innsats for formidlingsoppdraget vårt.
 
Ordførar Marianne Borgen heldt ei opplyst og engasjerande innleiing om temaet, før prodekan for forsking ved Odontologisk fakultet, Linda H. Bergersen, og dekan ved Teologisk fakultet, Aud Tønnessen, forklarte korleis dei kom opp med ideen til Brennmerket.
 
Så leia ordstyrar, Christian Kjelstrup, samtalen stødig mellom forskarane Tiril Willumsen og Kaia Rønsdal.
 
Mona Larsen bidrog med si sterke historie om bakgrunnen for hennar problemar med munnhelse og tannbehandlingsangst, jazzbassist Steinar Raknes ramma det heile inn med vakre toner og sang.

Sjå heile møtet i opptak her, det ligg tilgjengeleg fram til 12. november.

 
Alle bileta er tatt av Fredrik Pedersen, OD/UiO.
 
Brennmerket
 
 

 

Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 16. okt. 2018 13:34 - Sist endret 2. nov. 2018 09:14