UiO-forskarar på verdstoppen i siteringar

Bjørn Øgaard ved Det odontologiske fakultet, Universitetet i Oslo (UiO) og tidlegare kollega ved UiO, Bjørn Zachrisson er på høvesvis fjerde- og tredjeplass over verdas mest siterte forskarar i kjeveortopedi.

Kjeveortopediprofessor Bjørn Øgaard blei overraska då han fann seg sjølv og tidlegare UiO-kollega Bjørn Zachrisson  på sitertingstoppen i faget. (Foto: Ola Sæther)

Det er det prestisjetunge vitskaplege tidsskriftet Angle Orthodonist som melder dette i den siste utgåva si, ifølgje "Uniforum".

I ein artikkel skriven av fire forskarar frå Helsefakultetet ved Universitetet i Valencia i Spania, er dei 100 mest siterte forskarane i verda i kjeveortopedi lista opp i ein bibliometrisk studie.

 

Publisert 22. okt. 2018 13:13 - Sist endret 22. okt. 2018 13:13