Rettleiarseminar

Den nye personlovgjevinga, betre kjent som The EU General Data Protection Regulation (GDPR), samt korleis ein lykkast med ERC-søknader var noko av det som var på agendaen på det årlege seminaret for rettleiarar for ph.d.-kandidatar ved Det odontologiske fakultet.

Bilde av forskingsdekan Linda Hildegaard Bergersen og Konstantinos Chilidis.

Forskingsdekan Linda Hildegaard Bergersen og EU-rådgjevar frå SV-fakultet, Konstantinos Chilidis. Foto: Astrid Skiftesvik Bjørkeng

– Føremålet med seminaret er å gje rettleiarane eit høve til å få oppdatert informasjon kring rolla som forskar og rettleiar. Regelverk og samheldet endrar seg stadig, og det kjem nye krav til kva som er forventa når ein rettleier stipendiatar og forskarar, difor er det viktig å samle seg, slik at ein veit at ein er på rett kurs,  seier forskingsdekan Linda Hildegaard Bergersen.

GDPR – kva betyr det for rettleiarane

Saman med forskingsrådgjevar Natalia Andronova hadde dei laga eit program for seminaret som omhandla lovar, rapportering og tilsettingar. Andronova hadde også satt seg  grundig inn i GDPR og gav ein omfattande innføring i kva dei nye reglane betyr for forskarane hjå fakultetet. 

– Det er eit komplekst regelverk ein nå må setta seg inn i, særskild i forsking på pasientar, og det er viktig at me som fakultet ikkje trår feil her, seier forskingsdekanen.

 – Eg er difor svært takksam for den grundige presentasjonen om GDPR (frå Natalia Andronova), men ikkje minst for samtalene kring temaet.

Vanskeleg å få ERC-middel på eiga hand

Overskrifta på den siste delen var korleis SV-fakultetet har lykkast så godt innan Horizon- 2020. Deltakarane på seminaret fekk vera vitne til ein særs engasjerande og ikkje minst  kunnskapsrik EU-rådgjevar frå SV-fakultet, Konstantinos Chilidis, som gjekk gjennom nokre av dei viktigaste kriteria for å lykkast med EU-søknadane.

Noko av det han la vekt på, var at det er ei forventning frå alle ledd i organisasjonen om at alle som er tilsette i faste vitskapelege stillingar skal søkja om midlar frå EU. I tillegg sa han at søknadsprosessen er ein kontinuerleg dialog mellom EU-rådgjeveren og forskaren, både for å finne ut kva slags utlysing ein burde prøva å skriva søknader for, men også for å sikre at søknaden svarar på det utlysinga spør etter.

Sjølv om ERC-søknader handlar om den enkelte forskar,så er konklusjonen frå Chilidis klar: Dette er noko ein ikkje  kan gjera åleine. Ein treng hjelp frå fakultetsadminstrasjonen og andre forskarkollegaer for å nå gjennom. 

Det inspirerande fordraget frå Chilidis gjorde inntrykk på alle deltakarane. Dei satt igjen takksemde for at  han delte kunnskapen, men dei mente også at det bør komme ein snarleg invitasjon til å vitja fakultetet, slik at ein kan lære meir av det arbeidet som Chilidis har lykkast så godt med å få til, både på Det medisinske fakultet gjennom mange år, og nå på SV-fakultetet dei siste to åra.

 

Av Astrid Skiftesvik Bjørkeng
Publisert 20. nov. 2018 14:57 - Sist endret 21. nov. 2018 13:57