Starta opp Horisont2020-prosjekt

Marie Curie-prosjektet «MgSafe» til Avdeling for biomaterialer vart offisielt køyrd i gang i starten av november med eit vellykka kick-off møte i Hamburg.  15 forskarar deltar i eit konsortium for å kunne optimere avbildingsteknologiar for nedbrytbare beinimplantat.

To menn står oppstilt foran kamera og smiler

KICK-OFF I HAMBURG: Professor Håvard Haugen (t.v.) med partner på prosjektet frå OsloMet, Peyman Mirtaheri. Foto: Stig Nøra, OsloMet.

Av Hilde Zwaig Kolstad
Publisert 30. nov. 2018

Forskarar frå Avdeling for biomaterialer, UiO og OsloMet samarbeidar med ei rekkje andre internasjonale forskingsinstitusjonar og teknologibedrifter i Europa, for å finne ut korleis kroppen reagerar på nedbrytbare implantat av magnesium gjennom EU sitt forskingsprogram Horisont2020. Det overordna målet er å promotere pasienttryggleik gjennom å kvantifisere både den fysiske påverknaden av nedbrytbare implantat laga av ei Mg-legering, og kor egna den klassen av materiale er i framtidige menneskelege applikasjonar.

– Vi har ikkje mykje erfaring med nedbrytbare implantat i bein. Derfor er det ekstra viktig å følgje godt med korleis slike implantat oppfører seg i pasientar. Ny tilgjengelig teknologi gjer at vi kan optimalisere avbildingsteknikkar. Slik ny teknologi vil styrke pasienttryggleiken, noko som vi ser vil kome pasienten til gode, jamfør oppslag i Aftenposten siste veka, fortel Håvard Haugen, ein av prosjektleiarane.

I Hamburg presenterte forskarane, som alle er på tidlege stadium i sine karrierer, optimalisering av behandling av bilete ved implantat av biologisk nedbrytbar magnesium (engelsk). To av dei jobber frå Oslo, mens resten held til ved europeiske samarbeidsinstitusjonar.

  • Her kan de lese meir om MgSafe-prosjektet

Travel månad for Biomaterialer

Kick-off møtet i Hamburg var likevel berre ei av fleire storhendingar for Avdeling for biomaterialer denne månaden. Fleire av seniorforskarane var invitert til å delta på den 13. europeiske workshopen i periodonti i La Granja de San ILdefonso i Spania (engelsk).

Møtet konsentrerte seg om dei biologiske prinsippa og biomateriala som nyttast til å bygge opp att manglande beinvev i munnhulen. Utfallet av drøftingane på møtet kjem til å bli gjort tilgjengeleg som artiklar i ei open access spesialutgåve av Journal of Clinical Periodontology.

Frå Det odontologiske fakultet deltok Håvard Haugen, Jan Eirik Ellingsen, Janne Reseland og Ståle Petter Lyngstadaas. I tillegg var Kamal Mustafa frå UiB med i den norske gruppa. Arrangør i Spania var European Federation of Periodontology and Osteology Foundation.

Biomaterialer spania
Publisert 30. nov. 2018 13:55 - Sist endret 31. juli 2023 14:21