Godt nøgde OD-studentar

Dei nyutdanna studentane frå Det odontologiske fakultetet (OD) er godt nøgde med kvaliteten på utdanninga, og dei får jobbar som svarar til forventingane.

Tannlegestudent med grønt munnbind bøyd over pasient

Foto: Margit Selsjord, OD/UiO

- Denne undersøkinga er særs hyggeleg lesing for oss på Det odontologiske fakultetet, seier dekan Pål Barkvoll. - Kandidatane våre kjem raskt ut i jobb, dei får ein jobb som er relevant for dei, og våre studentar har den høgaste sysselsettingsgraden av alle studentane på UiO.

OD-kandidatar får jobb, og dei får jobb raskt

Resultata frå Kandidatundersøkinga 2018 er no klare, og tala er særs positive for Det odontologiske fakultetet (OD). Av dei som svarte på undersøkinga er heile 92 prosent av kandidatane frå OD i jobb. 

Nokre andre tal frå rapporten: 

  • Berre 4 prosent av kandidatane frå OD er arbeidssøkjande. Dette er det lågaste talet av fakulteta på UiO.
  • Av mastergrad-kandidatane frå OD er heile 98% i jobb.
  • Både bachelor- og masterkandidatar seier at dei bruker kompetanse og ferdigheiter frå utdanninga si i jobben.

Fornøgde med det faglege utbyttet ved OD

- Det odontologiske fakultetet tilbyr profesjonsutdanningar og står med det i ei særstilling når det gjeld studentane sine moglegheiter på arbeidsmarknaden, så me forventar at våre kandidatar raskt kjem ut i jobb. Likevel må me kunne seie oss særs nøgde med at våre studentar har høgast sysselsettingsgrad av alle fakulteta på UiO, seier dekan Pål Barkvoll.

- Me har òg lagt særskild merke til kor nøgde studentane er med det faglege utbyttet. Det er noko som gler oss som jobbar ved fakultetet, eg kjende sjølv at det var godt å sjå dei særs positive tala frå undersøkinga. No skal me halde fram med det gode arbeidet for å gjere utdanningane våre enno betre, både fagleg og sosialt.

Undersøkinga har spurt kandidatar som gjekk ut frå UiO mellom 2014 og våren 2018.

Meir om kandidatundersøkinga på uio.no

Publisert 20. mai 2019 13:43 - Sist endret 20. mai 2019 13:48