Sjukepleiarstudentar i praksis på Det odontologiske fakultet

- Dette pilotprosjektet kan vere ein milepæl for organiseringa av framtidas munnhelseteam, seier dekan Pål Barkvoll.

Sjukepleiarstudentar og -rettleiarar. Frå venstre: Marita Evensen, Synne Mæleng Hovland, Runa Eilertsen, Lars Erik Pedersen. Foto: Fredrik Pedersen, OD/UiO

Våren 2019 vert det sett i gang eit pilotprosjekt på Det odontologiske fakultet (OD). To sjukepleiarstudentar frå OsloMet skal gjere kirurgi-delen av sin praksis ved fakultetet.

Godt tekne i mot

På sjukepleiarstudiet vel ikkje studentane sjølv sin praksisplass, så dei to studentane har berre visst i nokre veker at det var ved Det odontologiske fakultet dei skulle ha sin siste praksisperiode før dei er ferdige sjukepleiarar.

- Eg må innrømme at den første reaksjonen min var "odonto.. kva er det?", smiler sjukepleiarstudent Runa Eilertsen.

Medstudent Synne Mæleng Hovland ler, og skyt inn:

- Men eg gler meg til å lære meir om munnhelse! Me veit at det er eit viktig felt og at kompetansen trengst, men me har lite om dette på pensum. Men munnhelseperspektivet er viktig for alle pasientgrupper, i alle institusjonar.

- Og me vart så godt tekne imot her! Då me kom, fekk me kaker og greier. For ein sjukepleiarstudent i praksis er ikkje dét noko ein tek for gitt.

Milepæl for munnhelseteam i framtida

At praksisstudentane skal verte godt tekne i mot på fakultetet, er òg viktig for dekan Pål Barkvoll.

- Dette pilotprosjektet kan vere ein milepæl for organiseringa av framtidas munnhelseteam. Krava til dokumentasjon og hygiene vert stadig strengare. For å gje eit best mogleg tilbod til pasientane treng me også sjukepleiarar i tillegg til tannhelsesekretærar, tannpleiarar og tannlegar. Men dei siste åra har me sett at det er vanskeleg å rekruttere tannhelsesekretærar, held dekanen fram. - På den andre sida er det viktig at også sjukepleiarane får meir kompetanse på tydinga munnhola har for den almenne helsesituasjonen hjå pasientane.

Dekan Pål Barkvoll

Fagmiljø av sjukepleiarar på fakultetet

- Me måtte dessutan ha eit fagmiljø av sjukepleiarar på huset før me kunne tilby studentar praksisplass. Dei siste åra har miljøet av sjukepleiarar vekse her på huset, så no har me alt på plass for å vere ein god stad for sjukepleiarstudentar å vere i praksis, seier dekan Barkvoll.

To viktige brikker i dette miljøet er Lars Erik Pedersen og Marita Evensen, som skal rettleie kvar sin student under praksisperioden.

Variert praksisperiode og tverrfagleg miljø

- Me har gleda oss til å ta i mot dei to studentane!, seier rettleiar og sjukepleiar Marita Evensen. - Det er kjempekult at me endeleg har sjukepleiarstudentar her. Og dei kjem til å få vere med på veldig mykje forskjellig.

- Me har fullt operasjonsprogram alle dagar, held rettleiar Lars Erik Pedersen fram, - så studentane vil få mykje operasjonspraksis. Dei får vere med på alle fasar inkludert dei pre- og post-operative prosedyrane, dei vil få vere med på narkosebehandling, ta blodprøvar, setje inn venflon.. Studentane kjem til å få mykje, og variert, praksis.

- Det er veldig spennande at det er så mange ulike yrkesgrupper her, seier Runa Eilertsen. - Det vil seie at me vil ha ekspertar innan ulike felt å spørje, og i det ligg det mykje læring.

Knytte fagfelta tettare saman

- Eg håper studentane vil tykkje at det er nyttig å ha vore her, seier kontorsjef ved Institutt for klinisk odontologi, Elisabeth Aks, som er administrativt ansvarleg for pilotprosjektet.

- Eg trur studentane vil oppleve at dei får mykje igjen for opphaldet, og at dei vil lære mykje om kor viktig munnen er for den generelle helsa til pasienten. Mange sjukdommar vert oppdaga hjå tannlegen, og me lærer stadig meir om korleis tilstanden i munnen påverker andre delar av kroppen.

- For fakultetet er det viktig å knytte fagfelta odontologi og sjukepleie tettare saman. Dette er to fagfelt som tradisjonelt kanskje har vore sett som atskilte, men som utfyller kvarandre på viktige måtar. Sjukepleiarane kan ting som ikkje tannlegane kan, og omvendt, og sånn kan me saman leggje til rette for ei best mogleg behandling av pasienten.

- Me håper dette vert ei ordning som vil halde fram og utvidast, seier Elisabeth Aks.

 

Publisert 20. mars 2019 10:40 - Sist endret 21. mars 2019 15:20