Denne prisen vann ho for presentasjonen "Oral Health, Frailty and Polypharmacy in Acutely Ill Older Adults." Presentasjonen er basert på COOP II-studien der dei undersøker oral og generell helse blant akutt sjuke eldre innlagt på kommunal akutt døgneining på Aker Sykehus.
Det er ikkje fyrste gong ho vinn ein pris. Tidlegare i 2023 vart Ingrid Beate Ringstad tildelt prisen for beste forskingsprosjekt av European College of Gerodontology.
Medforfattarane frå Det odontologiske fakultet er Janicke Liaaen Jensen, Katrine Gahre Fjeld og Lene Hystad Hove. Medforfattarar frå det medisinske fakultet ved UiO og geriatrisk forskingsgruppe på Oslo Universitetssjukehus er Torgeir Bruun Wyller, Rita Romskaug og Leonor Roa Santervas.
– Som eit resultat av denne prisen skal eg representere NOF (den skandinaviske divisjonen av IADR) og konkurrere om den internasjonale Hatton Award på 'IADR Oral Health Research Congress General Session and Exhibition' i Barcelona i juni 2025, fortel Ingrid Beate Ringstad.
– Veldig kjekt i år var at også ei anna frå Noreg vann; Åshild Johansen frå UiB med presentasjonen 'Induction of Endothelial-like Phenotype of Biobank-stored Dental Pulp Stem Cells.'
COOP II-studien er ein del av doktorgrada hennar, og den andre delen omhandlar Sjögren’s syndrom. Janicke Liaaen Jensen er hovudveiledaren hennar, og biveiledarane er Hilde Kanli Galtung på IOB og Kathrine Skarstein ved Universitetet i Bergen.
Det er tredje gongen professor Janicke Liaaen Jensen har ein stipendiat som vinn denne prisen.
– Det er ei stor glede og ære å vinne denne prisen, seier Ringstad.
– Forskning er sjeldan ein individuell innsats, og denne anerkjenninga er like mykje ein hyllest til alle mine kollegaer på prosjektet og veiledarane mine.
– Eg er utruleg heldig som får arbeide med så dyktige og inspirerande menneske rundt meg. At vårt prosjekt har blitt evaluert og anerkjent av internasjonale vitenskapsfolk i konkurranse med mange andre dyktige forskingsgrupper, er utruleg stas og gir mykje motivasjon til vidare forsking.