Ingrid Beate Ringstad med publisering i internasjonalt anerkjent tidsskrift

Ph.d.-kandidaten er førsteforfattar på ein ny vitskapleg artikkel publisert i det prestisjetunge Journal of the American Geriatrics Society. Studien, med tittelen "Oral Health, Xerogenic Medications, and Frailty in Acutely Ill Older Adults", undersøker korleis munntørrhet og redusert spyttproduksjon heng saman med medikamentbruk og skrøpelege eldre pasientar med akutt sjukdom.

Bildet kan inneholde: person, smil, erme, ansikt, briller.

Ingrid Beate Ringstad står i midten med diplomet ho fekk då ho vann ein forskingspris, saman med forskargruppa: Janicke Liaaen Jensen, Torgeir Bruun Wyller, Katrine Gahre Fjeld, Lene Hystad Hove, Leonor Roa Santervas og Rita Romskaug. Foto: Privat

Studien inkluderar 382 pasientar, 70 år og eldre som var innlagde ved kommunal akutt døgnenhet på Aker sykehus i Oslo. Forskargruppa var tverrprofesjonell og bestod av tannlegar, legar og sjukepleiarar ansatt ved Universitetet i Oslo, Oslo universitetssykehus og Oslo kommune. Frå Det odontologiske fakultet bidrog Janicke Liaaen Jensen, Lene Hystad Hove og Katrine Gahre Fjeld.

Resultata viser at munntørrhet er svært vanleg i denne pasientgruppa, og at bruk av legemiddel er ein viktig medverkande faktor. I tillegg viser funna at auka grad av skrøpeleghet er knytt til dårlegare oral helse, inkludert meir subjektiv munntørrhet, fleire objektive funn av tørr munn, fleire manglande tenner og redusert tyggefunksjon.

Oral helse må inn i eldreomsorga

– Denne studien løftar fram eit viktig og ofte oversett tema: oral helse som ein integrert del av eldreomsorgen, seier dekan Hans Jacob Rønold ved Det odontologiske fakultet.

Munntørrhet kan føre til alvorlege konsekvensar som karies, svelgevanskar, underernæring, auka risiko for infeksjonar og redusert livskvalitet. Likevel er vurdering av munnhole og spyttproduksjon sjeldan ein del av rutinemessig geriatrisk vurdering.

Ringstad og medforfattarane understrekar behovet for å inkludere oral helse i både klinisk praksis og helsepolitiske prioriteringar. Publiseringa i eit geriatrisk tidsskrift der lesarane hovudsakleg er legar og helsepersonell utan spesiell tannhelsefagleg kunnskap, var eit tydeleg mål for forskargruppa.

Å publisere i eit generelt medisinsk tidsskrift kan vere med på å auke helsepersonell sin kunnskap om munnhelse, og kring samanhengen mellom munnhelse og generell helse. Både hos eldre og hos andre grupper av befolkninga.

–  I tillegg kan det understreke viktigheita av tverrfagleg samarbeid for å sikre god og tilstrekkeleg behandling. At helsepersonell blir bevisst på å undersøke munnhelsestatus eller henvise pasientar til tannbehandling om nødvendig, kan bidra til å redusere risikoen for komplikasjonar knytt til dårleg oral helse og potensielt auke pasientane sin livskvalitet, seier Ringstad.

–  Publiseringa er eit viktig bidrag til kunnskapsgrunnlaget for betre eldreomsorg, og viser korleis forsking på tvers av fagfelt kan bidra til meir målretta og pasientsentrert behandling, seier dekan Rønold til slutt.

Publisert 5. sep. 2025 07:44 - Sist endret 5. sep. 2025 09:03