Prosjektet blir koordinert av Regentis Pharma i Frankrike og er eit samarbeid mellom det franske selskapet, Corticalis AS og Avdeling for biomaterialer. Prosjektet går ut på å utvikle og teste ut eit kombinasjonsprodukt som skal hindre utvikling av periodontitt. Produktet skal i utgangspunktet testast på celler og kunstig vev, men det skal óg utviklast ein plan for for korleis produktet skal kunne nyttast klinisk.
Tildelinga gir fleire millionar til prosjektet over ei periode på tre år.
– Dette er eit spennande prosjekt for oss og vi er svært glade for tildelinga. Den inneber at vi kan tilsetje ein postdoc over to år som har bakgrunn innan biologi og celledyrking, fortel professor Janne Reseland, som er prosjektleiar for UiO saman med professor Ståle Petter Lyngstadaas for Corticalis. Den nye kollegaen kjem på plass over nyttår.
EUROSTAR-programmet har som formål å styrke europeisk samarbeid innan forsking blant små og mellomstore verksemder.
Prosjekta som får midlar frå Eurostars skal utvikle eit nytt produkt, prosess eller teneste, og må ha eit sivilt formål.