Samarbeid med Sør-Afrika: - Nyttig og lærerikt for begge partar

I åtte år har Det odontologiske fakultet og University of Western Cape (UWC) hatt ein samarbeidsavtale. Våren 2019 kom dei første innreisande studentane til Oslo, etter eit strategisk og langsiktig arbeid frå leiinga ved fakultetet.

- Me tek med oss konkrete forslag heim!

Det seier odontologi-studentane Queen, Naadira og Janke. Dei kom til Oslo i februar, og har fulgt undervisning og klinikk-opplæring saman med dei norske studentane.

 Utvekslingsstudenter fra UWC foran trær om våren
Frå venstre: Queen Shabangu, Naadira Omar, Janke Matthysen (alle utvekslingsstudentar), Nashreen Behardien (fagleiar kirurgi ved UWC). Foto: Margit Selsjord, OD/UiO

- Opphaldet her har definitivt gitt meg meir sjølvtillit når det gjeld pasientkommunikasjon, seier Queen Shabangu. - Det er mindre travelt her, og då har ein tid til å fokusere på kvalitet, ikkje berre kvantitet. Eg trur generelt eg kjem til å vere tryggare på meg sjølv i klinikken.

- Ja, stemninga på klinikken her er generelt vennlegare, seier Naadira Omar. - Eg opplever at undervisarane her tykkjer det er greitt å undervise - heime forventar dei at me kan alt på førehand. Og så er det så lurt at me har undervisning med ein fysioterapeut! Eg har fått betre haldning, og skjønt kor viktig det er i dette yrket. Når me kjem heim, kan me kanskje foreslå å gjere det same der.

- Og dispensarane med antibac!, stemmer Janke Matthysen i. - Det er så enkelt, og så lurt! Men det er òg mykje her som er uventa for oss. Berre det at de har ei eiga avdeling for gerodontologi.

- Ja, forventa levealder er høgare her, skyt Naadira inn. - Og alle tannbørsteskadane de har!

Dei to andre nikker, og Janke fortel at ein av dei tyske utvekslingsstudentane har fortalt at karies-tilfella i Tyskland er enno mindre enn i Oslo!

Korleis har dei norske studentane det i Sør-Afrika? Les innlegget deira på Utvekslingsbloggen

Avdelingsleiar på UWC: - Viktig at me møter kvarandre

Nashreen Behardien har høyrt på samtalen mellom studentane, og er tydeleg på at dei må ta med alle gode idear heim.

- Eg reiser tilbake til Sør-Afrika 10. mai, og då er dei norske utvekslingsstudentane framleis hos oss. Eg skal prøve å få arrangert eit møte mellom dei og våre studentar som har vore i Oslo. Berre høyr på alle dei konkrete forslaga som kjem av at folk reiser og besøker kvarandre!

Som fungerande leiar av kirurgi-avdelinga ved UWC har Nashreen Behardien kome til OD for å sjå korleis undervisninga i kirurgi er lagt opp her.

- For at me skal kunne leggje opp eit opplegg som er best mogleg for dei norske studentane, er det viktig å sjå kva dei har lært før dei kjem. Det har eg fått eit godt innblikk i medan eg har vore her.

Behardien er einig med studentane i at konteksten for tannlegeyrket er annleis i nord og i sør.

- I Sør-Afrika har me heilt andre problem enn de har her. Men nettopp derfor er det viktig at me møtest.

Dekan: - Nye erfaringar og nye perspektiv

- Våre studentar som reiser på utveksling til Sør-Afrika, får sett tannlegeyrket frå ein heilt annan vinkel enn dei får i Noreg. Me har rett og slett ulike utfordringar fordi me arbeider i ulike kontekstar. Som institusjon har me eit ansvar for at våre kandidatar har erfaring med, og forståing for, dei store skilnadene som finst i verda. Å reise til Sør-Afrika handlar om å sjå globale helseutfordringar i ein større samanheng. 

Det seier Pål Barkvoll, dekan ved Det odontologiske fakultet.

- I Sør-Afrika får studentane erfaring med andre typar plagar enn dei me har i Noreg. UWC er særs gode på protesearbeid, noko me ikkje har mykje av i Noreg, rett og slett fordi befolkninga har betre tannhelse og dermed ikkje treng protesar. I sommar reiser òg to spesialistkandidatar i oral kirurgi til UWC og Tygerberg-sjukehuset, og der vil dei kunne verte godt trente i traumatologi gjennom å verte eksponerte for valds- og trafikkulukker som me i Noreg har i langt mindre omfang.

Barkvoll har sjølv vore "international examiner" ved UWC gjennom fleire år, og har dermed førstehands erfaring frå universitetet.

- Sør-Afrika er eit land med store sosiale forskjellar. Dei har andre typar munnhelseproblem enn oss, og andre moglegheiter til behandling. Men dei har den nødvendige infrastrukturen  på plass, og dei baserer seg på dei same anerkjende behandlingsmetodane som me gjer. Me er heilt trygge på at det er fagleg riktig å sende våre studentar til UWC.

Dekan Pål Barkvoll møter kirurg-kollega Nashreen Behardien. Foto: Simen Øvergaard, OD/UiO

- Det er viktig for meg at OD vert oppfatta som eit internasjonalt fakultet, seier Barkvoll. - Våre studieprogram er ikkje dei enklaste å organisere utveksling på, med mykje fastlagt undervisning og høgt arbeidspress. Likevel ønsker me at enno fleire av studentane våre nyttar høvet til å reise til samarbeidsinstitusjonane våre i Afrika, Asia og Europa.

- Me er òg opptekne av å få inn fleire innreisande studentar frå ulike stader i verda. Dette bidreg til at studentar og tilsette får eit klarare perspektiv på dei globale helseutfordrinane me står ovanfor. Me har mellom anna brukt tid på å søkje Utforsk-midlar for å finansiere studentane frå Sør-Afrika som var her no i vår. Vidare får to av våre tannlegestudentar moglegheit til å reise til Brasil i sommar, for å arbeide med eit internasjonalt forskingsprogram relatert til antibiotikaresistens, leidd av professor Fernanda Petersen.

Les meir: Fakultetet fikk UTFORSK-tildeling

 

Publisert 7. mai 2019 12:29 - Sist endret 7. mai 2019 14:42