Autorisasjon

For å jobbe som helsepersonell i Noreg må du ha autorisasjon eller lisens. Frå og med 27. mai 2026 må alle som treng slik autorisasjon sjølv søke om dette.

Endringar i helsesektor

Helsedirektoratet er i gong med eit omfattende utviklings- og digitaliseringsprosjekt innan godkjenning av helsepersonell. Prosjektet omfattar mellom anna nye digitale løysingar for søknad om autorisasjon og lisens. Ei endring som blir innført er at utdanningsstadane ikkje lenger kan sende innmeldingslister på vegne av sine studentar/elevar for søknad om autorisasjon eller lisens.

Du må sjølv søke om godkjenning

Du må selv søkje om godkjenning når du har fullført utdanninga. Tidligare sendte utdanningsstadane innmeldingslister på vegne av sine studentar/elevar for søknad om autorisasjon eller lisens. Studentane fekk deretter automatisk tilsendt ei betalingslenke når utdanninga var fullført. No må du sjølv sende søknad for å få autorisasjon.

Korleis søke

  1. Du går inn i Søkerportal for helsepersonell via Søkerportalen for helsepersonell (Altinn) eller via Helsedirektoratet si nettside, og loggar inn med ID-porten.
  2. I portalen vel du kva for ei yrkesgruppe du søker godkjenning for.
  3. For deg som har fullført og bestått ei utdanning som gir vitnemål, vil du i søkarportalen bli sendt vidare til Vitnemålsportalen, der du må dele vitnemål/resultat for den utdanningen du har fullført. Som standard vil alle fullførte utdanningar vere huka av for deling. Du kan sjølv velge å dele kun den utdanninga som er relevant for søknaden din.
  4. Når nødvendige opplysningar er korrekt delt og kontrollert, kan du gå vidare til betaling av gebyr, dersom søknaden er gebyrpliktig.
  5. Godkjenninga blir normalt gitt i løpet av få sekund etter betaling, og blir då tilgjengeleg i Helsepersonellregisteret (HPR) og i Søkarportalen for helsepersonell.

 

Publisert 4. mai 2026 10:59 - Sist endret 4. mai 2026 10:59