Avslutningsseremoni 2026
Odontologisk fakultet har kvart år ein høgtideleg avslutningsseremoni for dei ferdige kandidatane. Tidlegare år har ein delt ut papirvitnemål under denne seremonien. Fakultetet vil framover hovudsakleg produsere digitale vitnemål, og deler difor ut diplomar under seremonien frå og med i år.
Tid og stad for årets seremoni blir 19. juni 2026 kl 17:00 i Universitetets aula.
Det blir sendt ut ein eigen e-post til alle kandidatane med meir informasjon om program og tidspunkt for oppmøte. I e-posten får du også informasjon om kor mange gjestar du kan invitere til seremonien.
Vitnemål
Når vitnemålet ditt er produsert får du ein e-post frå fakultetsadministrasjonen med beskjed om at vitnemålet er tilgjengeleg digitalt.
Digitalt vitnemål og vitnemålsvedlegg
Fakultetet lagar digitalt signerte vitnemål og vitnemålsvedlegg (Diploma Supplement) til kvar kandidat. Du finn digitale vitnemål som digitalt signert pdf i dokumentarkivet i Studentweb. Du kan også dele det med andre via Vitnemålsportalen. Du loggar på Studentweb og Vitnemålsportalen med ID-porten.
Du kan lese meir om digitale vitnemål på UiO sine nettsider. For innlogging i Vitnemålsportalen må du gå direkte til Vitnemålsportalen sine sider.