Karrierevegar etter fullført utdanning

Det odontologiske fakultet utdannar tannpleiarar (bachelor i tannpleie), tannlegar (master i odontologi) og spesialistar i odontologi (7 ulike fagretningar).

Dette er helsefaglege profesjonsstudium som etter enda utdanning gjev autorisasjon med rett til sjølvstendig yrkesutøving som anten tannpleiar, tannlege eller tannlegespesialist. Desse profesjonane kombinerer spesifikk odontologisk kompetanse med medisinsk og biologisk kunnskap gjennom ei solid grunnutdanning, forankra i humanistisk og naturvitenskapeleg tradisjon i kombinasjon med avanserte kliniske pasientbehandlingsferdigheitar. Noko av det unike ved desse utdanningane er korleis den teoretiske breidda blir nytta i klinisk pasientbehandling.

Fakultetet tek òg årleg opp to kandidatar på forskarlinja i odontologi, og det blir jamleg lyst ut stipendiatstillingar på doktorgradsprogrammet.

Tannpleiar                

Bachelorprogrammet i tannpleie gjev deg spesifikk kompetanse innan klinisk pasientbehandling og folkehelsearbeid med omsyn til helsefremjing og sjukdomsførebygging i tannhelsetenesta. Som tannpleiar har du ei viktig rolle i fyrstelinja i tannhelseteamet med tannhelsekontrollar, diagnostikk, førebyggande oppgåver og frå enklare til meir krevjande tannbehandling som kjerneoppgåver. Pasienter som treng meir avansert klinisk behandling enn den tannpleiaren kan utføre, henvisast til tannlege. Som tannpleiar arbeider du mykje med å motivera og veileda pasientar til å ta vare på eigen tannhelse, og kommunikasjonskompetanse er saman med klinisk kompetanse essensielle ferdigheiter i yrkesutøvinga. Tannpleiarane har òg ei viktig rolle i den oppsøkjande tannhelsetenesta for dei mest sårbare pasientgruppene. Du har eit variert og krevjande arbeidsfelt.

Tannpleiarar arbeider som oftast i team samansett av tannlege, tannpleiar, tannhelsesekretær og tannlegespesialist der det er ei bestemd oppgåvefordeling. Etter enda utdanning søkjer mange tannpleiarar seg til den offentlege tannhelsetenesta som har ansvar for tannbehandlinga av barn, unge, eldre og andre sårbare grupper omfatta av § 1-3 i Lov om tannnhelstetjenesten. Tannpleiarar er òg sysselsatt i private verksemder, anten som eigarar av ei tannpleiarvirksomheit eller leigetakar.

Det er i underkant av 1700 yrkesaktive tannpleiarar i heil- og deltidsstillingar i Noreg i dag (kilde SSB tabell 12546, 2024). Dette er under det nasjonale behovet og helsestyresmaktene ønskjer, og utdanning av fleire tannpleiarar er derfor høgt prioritert. Vidareutdanningsmoglegheitene for tannpleiarar med bachelorgrad er gode.

Arbeidsmarknaden for tannpleiarar på landsbasis er svært god.

Tannlege

Masterprogrammet i odontologi gjev deg spesifikk og avansert kompetanse innan klinisk tannbehandling. Tannlegane arbeider som oftast i team samansette av tannlege, tannpleiar, tannhelsesekretær og spesialist der det er ei bestemd oppgåvefordeling. Du har som tannlege eit overordna ansvar for diagnostikk og kliniske operativ pasientbehandling. Pasienter som treng meir avansert klinisk behandling enn den allmenntannlegen kan utføre, henvisast til ein tannlegespesialist. 

Etter enda utdanning søkjer mange tannlegar seg til den offentlege tannhelsetenesta som har ansvar for tannbehandlinga av barn, unge, eldre og andre sårbare grupper omfatta av § 1-3 i Lov om tannnhelstetjenesten. I tillegg vil det i dei offentlege stillingane ofte vere høve til å behandle vaksne pasientar som sjølve betaler for eiga tannbehandling. Dette gjev eit unikt høve i den offentlege tannhelsetenesta til å arbeide med svært varierte og interessante oppgåver frå sjukdomsførebyggjande arbeid til meir avansert tannbehandling.

I Noreg er det i dag i overkant av 5900 yrkesaktive tannlegar heil- og deltidsstillingar (kilde SSB tabell 12546, 2024), sysselsette i anten privat verksemd eller offentleg sektor. Tannlegar er òg sysselsette i privat sektor - per no omlag 3 av 4 - anten som eigarar av ei tannlegevirksomheit eller leigetakar. Tendensen dei seinare åra er at fleire søkjer seg til større tannklinikk kjedar eller større tannlegesenter som gjev eit breitt behandlingstilbod til den vaksne befolkninga.

Arbeidsmarknaden for tannlegar er svært godt. Det er ein generell mangel på tannlegar i distrikts-Noreg, mens det rundt dei største byane er ein noko trongare arbeidsmarknad. 

Tannlegespesialist

og spesialistane for den svært avanserte behandlinga

Ein del tannlegar ønskjer etter nokre år som praktiserande tannlege å utvide sin odontologiske kompetanse. Etter minimum 2 år heiltidspraksis kan du søkje deg inn på ei av dei sju godkjende spesialistutdanningane. Det er seks 3-årige og ei 5-årig fagretning ved Spesialistprogrammet.

Spesialistutdanninga tek sikte på å heve den teoretiske og kliniske kompetansen utover allmenntannlegens innan visse fagfelt. Det gjev deg kompetanse til å kunne greie ut, diagnostisere og behandle særleg avanserte og kompliserte kasus.

Dei fleste tannlegespesialistar arbeider i privat sektor. I samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta og allment privatpraktiserande tannlegar utgjer desse viktige element i heile tannbehandlingstilbodet til den norske befolkninga.

Doktorgrad

Doktorgradsprogrammet er 3-årig og gjev forskingserfaring og spesialkompetanse innanfor eit visst fagfelt. Dette er ei utdanning som skal utvikle fagfelta, gje ny kunnskap, og dei er avgjerande for rekrutteringa til vitskaplege undervisningsstillingar ved universiteta. Denne utdanninga er dermed basis for den vitskaplege forankringa av undervisninga ved universitetet. Doktorgradsprogrammet kan ein også søkje på etter få års praksis, og programmet er også ope for andre utdanningar.

Publisert 17. okt. 2010 20:54 - Sist endret 10. mars 2024 17:21